DEMONSTRASJON: Nei, det er «de andre» som driv med ekstremisme og «hører djevelen til», som ho sa, den 19-årige jenta som nyleg fronta demonstrasjonen mot ISIS framfor Stortinget. Sjølv var ho leiar i den lokale beundrarflokken av Ayatollah Khomeini. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Islamisering over og under bordet

Islamisme og demokrati går ikkje i hop. Islamismen arbeider for ei totalitær samfunnsordning på grunnlag av Shariah, ei rein religiøs lovgjeving, der menneska skal underkaste seg påboda frå Allah slik dei er openberra for Profeten, og berre han.

Vesten og demokratiet er på veg mot ei usikker framtid. Islam veks på verdsbasis, den politisk radikale islamismen er på offensiven. Islamiseringa breier seg og får også betre fotfeste i vestlege land, år for år.

Ein skulle vente at leiarane også her i nord snart ville vedgå at islam og islamisering er eit trugsmål mot vår kultur og levemåte. Det gjer dei ikkje. Problemet vert avgrensa til «tiltak mot radikal ekstremisme», mynta på nokre få unge menn under oppsyn frå PST.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den breiare islamiseringa er eit ikkje-tema. Korkje politikarane, pressa eller kyrkja vågar ein ideologisk kamp med dei totalitære kreftene som utfaldar seg i islamismen. Europa har kjent kommunismen, nazismen og fascismen på kroppen, men for mange er islamismen framleis berre ein teoretisk storleik.

Når Obama og Cameron står fram og seier at islam er fredens religion, talar dei sjølvsagt mot betre vitande. Dei hoppar bukk over 1400 års historie med nedslaktingar og terror som overgår alt anna i lengd og omfang.

Når Hamas og Hizbollah i dag fyrer av sine sprengladningar og rakettar, eller når Iran (sjia) og Saudi Arabia (sunni) og gladgutane i ISIS svingar sverdet og kappar hovudet av folk, har det plutseleg ingen ting med islam å gjera.

Nei, det er «de andre» som driv med ekstremisme og «hører djevelen til», som ho sa, den 19-årige jenta som nyleg fronta demonstrasjonen mot ISIS framfor Stortinget. Sjølv var ho leiar i den lokale beundrarflokken av Ayatollah Khomeini. No ville ho gjerne ha statsstøtte til «en turne for sannheten» i det norske skuleverket. Folk flest smilte av dette. Men sanneleg, no har ho fått ein million kroner til formålet frå Bergesenstiftelsen! Ho skal rundt og tala mot islamske konkurrentar. Vil rektorane sleppe henne inn?

Reint taktisk, for å unngå kritikk og uro, kan ikkje vestlege leiarar lenger seia anna enn at islam tyder fred. Dei håpar kanskje at islam skal gå over, og at millionane av aktive islamistar og dei mange tusentals militante ekstremistar vil roe seg etter kvart, at dei skal integrere seg og bli fredsæle samfunnsborgarar i dei landa dei har funne seg bustad.

Sjølv har eg høyrt framståande folkevalde og boklærde seia: «Er me berre godhjarta og rause, tilstrekkeleg imøtekomande, vil nok islam i Europa gå seg til.»

Diverre, me har aldri i soga sett at det løner seg for folkevalde og statsleiarar å drive med sjølvhypnose. Problemet i Vesten er: Det er ikkje lett å stå mot ny folkesetnad og religiøse varmebølgjer, truleg like vanskeleg som å stoppe ein sakte tsunami eller eit vulkanutbrot.

LES OGSÅ: Frykter islamisering av britiske skoler

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei aktive islamistane i Midtausten med ivrige medhjelparar inne i dei fleste demokratisk land er på offensiven. Redaktørane er redde, og slepper ikkje fram artiklar eller kritiske program som viser at islam er inspirasjonskjelda for jihad og den aggressive islamismen. Journalistane er redde, og skriv difor om hyggelegare ting (litt politikk, sport, reiser, vin, personleg helse og hagestell).

Politikarane er igjen ein refleks av media, vil ha ro og attval, og satsar difor på breie forlik om alt som er vanskeleg (skatt, klima, miljø, homo, kyrkje, asyl), og ikkje minst omfattande tilrettelegging for alle grupper som hevdar at dei tilhøyrer fredens religion.

Desse utviklingstrekka ikkje minst den islamifiseringa som no rullar i veg i Storbritannia og Tyskland har eg skrivi meir inngåande om i Amerikabrevet (Koloritt 2007) og Demokrati eller islamisme Europa underislam? (Genesis 2013). Det gler meg stort at så mange les bøkene og gjev stadfestande meldingar attende.

Islamiseringa renn særleg hardt på i Storbritannia, i stort og smått, på mest alle samfunnsområde. Det er ikkje lenger tale om snikislamisering under bordet, men opne tilhøve som kven som helst kan kontrollere.

Muslimane og deira mange talsmenn har fått eit mentalt overtak i landet. Dei satsar på offer-stempelet og minner om britiske overgrep i kolonitida.

Når det blir utført avskyelege brotsverk, til dømes valdtektar av britiske ungjenter (1400 i Rotherham mellom 1997-2013), veit politiet at det er «Pakistani gangs» som står bak. Men ordensmakta er så redd for skuldingar om rasisme at dei heller har valt å sjå gjennom fingrane med heile trafikken!

Spørsmålet melder seg: Korleis står det til med britisk kultur og levemåte, rettsstat og demokrati mot midten av dette hundreåret?

Islamisme og demokrati går ikkje i hop. Islamismen arbeider for ei totalitær samfunnsordning på grunnlag av Shariah, ei rein religiøs lovgjeving, der menneska skal underkaste seg påboda frå Allah slik dei er openberra for Profeten, og berre han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå før veit me at totalitære ideologiar med beinharde, overtydde leiarar ikkje treng fleirtal i eit land for å vinne makta og kontrollen. Lenin greidde seg med eit par prosent.

Les også
– Twitter er roten til alt ondt
Les også
Profetens Ummah hevdes å bruke mellommenn
Les også
Farlige konvertitter
Les også
Norsk mann fra Halden skal ha reist til Syria
Les også
– Boko Haram bruker bortførte jenter i kamper