Meninger
HARENS ÅR: 22. januar gjekk den kinesiske verda frå tigerens år og over i harens år, skriv Olav Vestbøstad.
Michael Probst / AP / NTB
Ingen veit kor haren hoppar
22. januar gjekk den kinesiske verda frå tigerens år og over i harens år. Ruby Zhao skriv på nettsida Chinahighligts.com at haren i kinesisk kultur er eit symbol på lang levetid, fred og velstand. 2023 er spådd å bli eit år med håp.
Håp er noko kinesarane absolutt treng. Ved nyttår er det vanleg å sjå bakover, og mange vil vere samde om at tigeråret som no har ebba ut ikkje levde opp til forventningane.
Kinas nasjonale statistikkbyrå melder om at for fyrste gong sidan 1961 er folketalet på veg nedover. India vil i løpet av året gå forbi Kina som det mest folkerike landet i verda. FN sine prognosar syner at innan 2050 vil folketalet i folkerepublikken Kina gå ned med 109 millionar.