Herlegdomsteologi kontra korsteologi

- Arne Helge Tei­gen er uroa for kva som skjer med unge men­nes­ke som blir ut­sett for denne type for­kyn­ning. Eg har vitne på at det har gjeve fan­tas­tis­ke re­sul­tat.

De­bat­ten som er reist her i avisa Dagen har svært like kjenne­teikn med de­bat­ten som «raste» på 80-ta­let då nors­ke krist­ne miljø fekk eit naud­synt og for­friskan­de møte med Den Hei­la­ge Ande. Då opp­lev­de mange nors­ke krist­ne for førs­te gong (in­klu­dert meg sjølv) at det som står i Bi­be­len ikkje berre er teori, men ein le­van­de rea­li­tet.

Før eg hadde dette per­son­lege møte med Jesus, var den krist­ne trua og det som står i Bi­be­len tørr og tung teori og reg­la­ne var vans­ke­le­ge å fyl­gja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg tenk­te ei­gent­leg eg kunne gå til «ver­den» for dei såg ut til å ha flei­re gle­der enn eg hadde. Men noko heldt meg att. Eg «viss­te» at det med Jesus var sant. Difor kunne eg ikkje gje opp trua. Så etter at «ver­dens» gle­der synte seg å vera kort­va­ri­ge, tok eg ei av­gjerd; eg ville gjera opp mi sak med Gud.

Det som skjed­de då, kom til å to­talt endra livet mitt for all fram­tid. Eg fekk eit møte med Jesus som kom full­sten­dig over­rump­lan­de på meg. Eg hadde bedd ei enkel bøn: «Kjære Gud, alt i livet skuf­fa meg, no er du det ein­as­te eg har. Eg kjem til deg for å be deg om til­gje­ving for at eg har vore på veg bort frå deg.»

Då kom Guds Ande over meg, eg kunne «sjå» Jesus, og vart fylt med kjær­leik, glede og fred. Dette var så fan­tas­tisk godt, og det laga eit vel­dig skil­je i livet mitt. Livet mitt vart brått snudd opp ned. Eg kunne «høyra» Gud tala til meg, eg byrja for førs­te gong å få bøne­svar og fekk lei­ing frå Gud. Eg greip etter Bi­be­len og byrja å lesa.

Det som før hadde vore tungt, teo­re­tisk og util­gjen­ge­leg, lyste no mot meg og vart eit le­van­de ord. Brått for­stod eg Ordet. Eitt av dei orda som gjor­de meg meg enormt be­geist­ra står i Ef. 1, 17-23: «Den kraf­ta som Gud reis­te Kris­tus opp frå dei døde med er til­gjen­ge­leg for oss som trur!

Og den auto­ri­te­ten Jesus hadde, er gjeve til oss (kyr­kje­ly­den) som er hans kropp.» Dette er heilt enormt! Kva var det Jesus kom for å setja oss fri i frå? Me les igjen i Bi­be­len: 1: Synd 2: De­mo­nar 3: Sår og sjuk­dom 4: Fed­re­ne sine mis­gjer­nin­gar (ge­ne­ra­sjons­syn­der).

Me ber: Komme ditt rike, skje din vilje på jorda som i him­me­len? Kvi­for? Er det ikkje for å brin­ge det him­mels­ke ned på jorda? Var og er ikkje det po­en­get med Jesus?

Kor står det i Bi­be­len at Gud nyt­tar sjuk­dom til å byg­gja ka­rak­ter i barna sine? Ville du som far under noko om­sten­de gje bar­net ditt ein sjuk­dom for å opp­se­da det? Nei, les hel­ler Mat. 7,11: «Nå de som er vonde, veit å gje borna dyk­kar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Far i him­me­len gje gode gåver (eller Den Hei­la­ge Ande) til dei som ber han!»

For meg har eit av dei store of­fe­ra for Gud vore å gi opp in­tel­lek­tet. Eg var stolt. Eg ville skjø­na alt til og med Gud. Er Han ver­ke­leg god? Vil Han lækja oss eller må me stre­va og bera det meste sjølv og vona at me kjem til him­me­len ei dag?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette var slit­samt, og eg vart kraft­laus. Eg ropa til Gud. Han svara: «Du må bli som barn igjen, tru Ordet som det står og gje opp in­tel­lek­tet ditt.» Det kosta meg mykje, men eg «måtte». Og Guds ord og trua på det som det står skre­ve, vart noko av det vik­ti­gas­te i livet mitt for å bli fri. Det hand­la om å aud­mju­ka seg.

Seier Gud det han mei­ner? Sjølv når det strir mot mine tan­kar? Per­son­leg trur eg at den his­to­risk kri­tis­ke me­to­de innan teo­lo­gi­en har gjort enorm skade i vårt for­hold til Gud og hans ord. Ra­sjo­na­lis­me i sta­den for barn­leg til­lit. Difor ser me til dømes at på det afri­kans­ke kon­ti­nen­tet skjer mykje meir under, teikn og mi­rak­ler i krist­ne møter.

Arne Helge Tei­gen er uroa for kva som skjer med unge men­nes­ke som blir ut­sett for denne type for­kyn­ning. Eg har vitne på at det har gjeve fan­tas­tis­ke re­sul­tat. Ung­dom­mar går ut og ber for men­nes­ke dei møter.

Slik får dei møta Gud, blir lækt, frelst, får kunn­skaps­ord og går heim og skjø­nar at det fins ein god Gud som bryr seg om dei. Får me alt me ber om? Nei! Men det tyder ikkje at me skal slut­ta å vera fri­mo­di­ge.

Så til tor­nen i kjø­tet. Ein pre­di­kant sa: «Vis meg dei store open­ber­rin­ga­ne dine, før du mei­ner du treng ein torn i kjø­tet!»

Bill Johnson Kjersti Karlsen Student, Stord

Les også
Bill Johnson om sykdom og helbredelseArne Helge Teigen
Les også
Arne Helge Teigen og Bill Johnson