Arne Helge Teigen og Bill Johnson

«Det hand­lar om tru verk­sam i kjær­leik. Nåde­gå­ve­ne er ulike, men Anden er den same. Me tvi­lar ikkje på Jesu per­son. Men spørs­må­let er om du og eg trur det som han seier at me kan gjera i hans namn.»

Svar (og spørs­mål) til Arne Helge Tei­gen sitt inn­legg: Tid for opp­gjør med Bill John­son.

Er Bill John­son ein vrang­læ­rar eller er han ein salva per­son sendt oss av Gud?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva er even­tu­elt feil ved det Bill John­sen seier og gjer? Er hans eigne ord om kva han mei­ner om Jesus va­li­de nok? Eller er det ein norsk teo­log, som av­gjer dette? Arne Helge Tei­gen seier: «Bill John­sen re­du­se­rer Jesus ved å se bort fra hans gud­dommlig­het.»

Lat oss sjå kva Bill John­son svar­te då han vart spurt om dette på Twit­ter:

@bill­john­son­BJM I have a se­rious ques­tion. I have read that you have de­nied the full deity of Christ while on earth. Is this true? Want...

@ja­kum77 No, I don't be­lie­ve that. Jesus Christ is eter­nal­ly God. Al­ways has been, al­ways will be. There's anot­her hurt­ful rumor. (Her lenker han til en nettside som nå er fjernet, red.anm)

Over­sett tyder dette: Eg har eit spørs­mål. Eg har lest at du har for­nek­ta at Jesus var fullt ut gud­dom då han vand­ra på jorda. Er det sant?

John­son sva­rar: Nei, eg trur at Jesus Kris­tus er evig Gud. All­tid har han vore det og all­tid vil han vera det. Dette er endå eit så­ran­de rykte.

Dette vel Tei­gen å sjå bort i frå, for han mei­ner John­son ikkje er ty­de­leg nok!

Det neste anke­punk­tet til Tei­gen er at Bill John­son seier at Jesus vart salva av Gud til te­nes­te og ikkje gjor­de gjer­nin­ga­ne sin ut frå sin gud­dom­me­le­ge natur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva seier Bi­be­len om dette? i Apgj. 10,37-38: Ѓcdet Ordet kjen­ner de:Ѓc.

«Kor­leis Gud salva Jesus frå Na­sa­ret med Den Hei­la­ge Ande og med kraft. Han som gjekk ikring og gjor­de vel og lækte alle dei som var un­der­trykt av Dje­ve­len.» Her er Bill John­son og Bi­be­len samde.

Vi­da­re står det i Fil 2,6-7: «Han som var i Guds skap­nad, heldt det ikkje for eit røva gode å vera Gud lik, men han ut­tøm­te seg sjølv, og tok på seg ein te­nars skap­nad og kom i men­nes­ke si lik­ning.»

Kva ten­kjer Tei­gen desse orda tyder, viss ikkje det stør Bill John­son sitt syn i høve til at Jesus gav opp ret­ta­ne som den gud­dom­me­le­ge na­tu­ren gav han på jorda?

Kva er Tei­gen sitt pro­blem i høve til at Bill John­son pro­fe­te­rer om ein Elias-ge­ne­ra­sjon som vil ha ei sær­skilt ån­de­leg ut­rust­ning?

Er dette feil? Kva er pro­ble­met med ein manns pro­fe­ti­ar? Bi­be­len opp­munt­rar oss til å tala pro­fe­tisk. Vi­da­re står det at me skal prøva pro­fe­ti­ane på Guds ord og Den Hei­la­ge Ande. Sank­sjo­ne­rer det eller ikkje? Skrif­ta seier: «Ved to eller tre manns vitne skal ei sak stå fast!» (Mat. 18,16) Kor­leis av­sløra om pro­fe­ti­ar er fals­ke eller sanne? Ved å sjå om det dei seier skjer eller ikkje!

Eg vil vi­da­re si­te­ra det som står Joel 3, 1-2: «Der­et­ter skal det henda at Eg skal ausa ut min Ande over alt kjøt. Søner og døtre skal pro­fe­te­ra, dyk­kar gamle menn skal ha drau­mar, og dyk­kar unge menn skal ha syner. Også over træ­la­ne og træl­kvin­ne­ne skal eg utausa min Ande i dei dagar.» Mange har opp­fat­ta at dette hand­lar om dei siste tider. Ster­ke ord! Er det dette me ser i dag?

Kva tyder det at denne ge­ne­ra­sjo­nen skal gjera stør­re under enn Jesus?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jesus seier i Joh. 14,12: «San­ne­leg, san­ne­leg seier eg dykk: den som trur på Meg, skal også gjera dei gjer­nin­ga­ne eg gjer. Han skal gjera stør­re gjer­nin­gar enn desse, for Eg går til Far min.»

Her hand­lar det om den som trur. Tei­gen har ut­dju­pa på Face­bo­ok at det er den nye fød­se­len eller frel­sa som er dei «stør­re» gjer­nin­ga­ne. Det kan godt vera sant, men Jesus bed oss like fullt om å gjera det han gjor­de. I 1 Joh 4, 17 står det: «For som Han er, slik er vi i denne ver­den». Det er det ein­as­te kri­te­ri­et som Bi­be­len set opp for at me skal kunne gjera Jesu gjer­nin­gar er tru. I Hebr 11,5 står det: «Utan tru, er det umog­le­ge å vera til behag for Gud.»

Bi­be­len skil ikkje mel­lom su­per-krist­ne og andre krist­ne. Men den skil mel­lom tru­an­de og van­tru­an­de. Dei fles­te av oss vil nok seie saman med hø­veds­man­nen: «Eg trur, hjelp meg i mi van­tru!» Men lat oss ikkje skyva frå oss og kri­ti­sera dei som har fått nåde til å ha «stor» tru, men hel­ler gå i deira fote­far og lat oss bli opp­munt­ra til å ta nye steg. Pau­lus opp­munt­rar oss: «Prøv alt og hald fast på det gode.»

Kvi­for blir John­son kri­ti­sert for å ha tru for at ein mil­li­ard men­nes­ke skal bli frelst? Er det jante­lova som stikk nasa si fram eller? Kvi­for ikkje vera med å både be og heia fram ein slik enorm pro­fe­ti? Ville ikkje du bli glad, Tei­gen, om dette stem­mer?

Jesus var Guds Son, er Guds Son og vil all­tid vera Guds Son. Sam­stun­des seier Jesus noko gans­ke in­ter­es­sant då han for­sva­rer sin eigen gud­doms­po­si­sjon i Joh. 11,35: «Viss han kalla dei gudar, dei som Guds Ord kom tilЃc». Kvi­for vert det så pro­ble­ma­tisk for Tei­gen at me krist­ne er salva av den Hei­la­ge Ande til å gjera Jesu gjer­nin­gar, slik han har bede oss om, når skrif­ta kalla dei gudar som Guds Ord kom til?

Hug­sar eg ikkje feil, så fekk Jesu etter­fyl­gja­rar fekk nam­net krist­ne, fordi fol­ket såg at dei likna på Jesus Kris­tus!

Og vi­da­re: kor­leis Tei­gen for­sva­rar sitt syn om at Jesus dreiv ut de­mo­na­ne ved kraft av si gud­doms­na­tur i Luk 8,28 og ikkje ved at han var salva av Anden, slit eg med å for­stå. Og om han så gjor­de, gjer det ein for­skjell? Han seier like fullt i Mar 16,17-18: «Desse teik­na skal fyl­gja dei som trur. I mitt namn skal de kasta ut de­mo­nar, de skal tala med nye tun­ger, de skal ta opp slan­gar, og viss de drikk noko dø­de­leg skal det slett ikkje skada dei. På dei sjuke skal dei leg­gja sine hen­der og dei skal verta fris­ke.» Her står det in­gen­ting om eks­tra sig­ning eller spe­sial­krist­ne, men «dei som trur».

Kjære Arne Helge Tei­gen: Det hand­lar om tru verk­sam i kjær­leik. Nåde­gå­ve­ne er ulike, men Anden er den same. Me tvi­lar ikkje på Jesu per­son. Men spørs­må­let er om du og eg trur det som han seier at me kan gjera i hans namn

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg og mange med meg har blitt sterkt vel­sig­na av Gud gjen­nom Bill John­son si te­nes­te. Me er blitt lækt, ut­fridd, fått ny von og opp­munt­ring berre ved å vitja kyr­kje­ly­den hans og blitt møtt av Guds kjær­leik gjen­nom enkle hand­på­leg­gin­gar eller ved å ta i mot ordet som vert for­kynt.

Du og alle som yns­kjer det, er vel­kom­ne til denne vel­sig­na kyr­kje­ly­den i Red­ding i Ca­li­for­nia eller til ein av dei ak­tu­el­le kyr­kje­ly­da­ne i Noreg for å ta i mot i frå Gud.

Gud vel­sig­ne deg.

Bethel, Redding Kjersti Karlsen Student, Stord

Les også
Tid for oppgjør med Bill JohnsonArne Helge Teigen
Les også
Forsvarer Bill Johnsons kristologiØyvind Gaarder Andersen
Les også
Luthersk og karismatisk debattkulturTarjei Gilje