🍁 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Har Jesu bodskap forsvunne i død?

HALLOWEEN: Kvifor køyrer vi på med død, skjelett, edderkoppar og gravsteinar, i snop og kakeform, spør Randi Førsund.
Publisert

Eg har hatt lang treningspause grunna hard treningsperiode og jobb som til tider krev sitt. Kjekt å sjå gamle treningskompisar igjen. Eg kjenner på at eg gruar meg. Så står eg der, rett før økta.

Brått er det som om eg i eit syn ser eller vert minna om ein slektning som døydde som tenåring i ei ulukke for lenge sidan. Eg har ikkje tenkt særleg på vedkommande, og no tenkte eg intenst på korleis eg skulle overleve treningsøkta som snart byrja.

Så ser eg plutseleg ein person som minner sterkt om vedkommande, saman med ei umiddelbar, vanvitig og sterk kjensle av glede, av gjensyn. Det er som om eg blir synt korleis det blir sjå att dei som har gått føre. Eg skal få sjå dei att, like naturleg som personen som nett gjekk forbi. Den sterke gleda. Midt i livet og kvardagen her og no.

Powered by Labrador CMS