For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

PROFETIANE VERT OPPFYLTE: I GT er der lagt inn 700 løfter og profetiar for det som gjeld Israel. Så langt er 80 prosent oppfylte, skriv Kjell Furnes.

Gud held orden på endetida

Publisert Sist oppdatert

Når eg les Finn-Arne Lauvås sin artikkel i Dagen 20. dm., så går mine tankar tilbake ca. 70 år, då vi som unge kristne kunne reise omkring på Sunnmøre på bibelkurs og lytte til bibelsk forkynning. Det var Adolf Bjerkreim, Gustav Ballestad, Abraham Thomson, Arne Helseth-Dyrseth med fleire som bar fram evangeliet. Tenk om eg fekk høyre slik forvirrande forkynning som Lauvås her ber til torgs?

Eg fekk høyre at Gud har to eigedomsfolk, eit jordisk (5 Mos 7,60) og eit himmelsk (1 Pet 2,9). Desse to folka har Gud sine planar med, både som reiskap for sin vilje og ein frelsesplan når tida var moden brudgom. Det er det første som skal skje når himmelen aksjonerer overfor slekta igjen. Jesus Kristus, som i dag har sin plass ved Faderens trone i himmelen, skal stige ned i skya og hente heim gevinsten ifrå Golgata. Det er det vi ventar på i dag (1 Tess 4,15–18; 1 Kor 15,51 flg.).

Guds jordiske eigedomsfolk, Abrahams etterkomarar, si utløysing er knytt til Jesus Kristus som Konge. Han skal ein dag stige ned, sette sine føter på Oljeberget, og frelse ut det jødiske folk som då skal vere i dei største vanskar. Dei forkasta han første gongen han kom, men då skal «dei sjå opp til meg som dei har gjennomstunge» (Sak 12,10).

Powered by Labrador CMS