Debatt
LOVLØYSE: Me treng Anden sine avsløringar av lovløysa i læra om Jesu «stedfortredende» død, skriv innsendaren.
Adobe Stock
Frels oss frå lovlaus påsketeologi
«Kvifor måtte Jesus døy?» var emnet for ein reportasje 17/3. Og me fekk ei kort innføring i 3 teoriar: 1) Den klassiske: for å overvinna synda, døden og Satan, 2) Den objektive: for å ta vår dom i staden for oss, og 3) Den subjektive: at Jesus leid og døydde som eit uttrykk for Guds kjærleik.
Sjølv støttar eg den «subjektive» forståinga. For ved å setja livet sitt til for sauene (Joh 10:11) er Jesus ein kjærleg hyrding, og slik indirekte eit førebilete for oss. For utan sjølvoppofrande kjærleik vinn egoismen, som dei fleste ser har øydelagd mykje på jorda. Me treng difor det subjektive svaret om at Jesus kom som eit alternativ til den egoistiske tjuven (Joh 10:10), for at også me skal vera eit alterativ til tjuven, og samtidig anerkjenna at me - liksom Jesus forsaka og fornedra seg sjølv, bergar livet kun ved å missa livet vårt for Jesu skuld (Luk 9:23-24).
Og det «klassiske» svaret liknar på det «subjektive» fordi også dette indirekte peikar på vårt ansvar for å leva i siger, inkludert sigra over vondskapen i oss sjølve. Desse to svara handlar difor meir om praktisk forløysing frå det vonde enn om vegen til bli forsona med Gud.