Framlegg frå Framstegspartiet trugar folkekyrkja

Ein samrøystes programkomité i Framstegspartiet gjer framlegg om at ingen trus- og livssynssamfunn skal få offentleg støtte, heller ikkje Den norske kyrkja. ”Frp vil fjerne tilskuddsordningen for trossamfunn”, lyder formuleringa i programframlegget. Om programkomiteen i FrP for vilja si, vil Den norske kyrkja bli hardt råka. Det vil truge folkekyrkja.

Grunngjevinga for framlegget er svakt. Det er ønsket om å minske det totale skattetrykket som ligg bak. Folk skal i staden betale der dei ønskjer å vere medlem. At folk betalar for å vere med, vil dessutan føre til at fleire blir aktive og medvitne medlemmar i trussamfunna.

Framlegget til FrP verkar særs lite gjennomtenkt. Det set i spel kyrkjeforliket mellom partia på Stortinget, og som òg Frp slutta seg til i 2008. Dette forliket låg til grunn for grunnlovsendringane i mai 2012. I § 16 av grunnlova heiter det at ”Den norske Kirke (…) forbliver Norges Folkekirke og understøttes som saadan af Staten. (…) Alle Tros- og Livssynssamfund skal understøttes paa lige Linje.” Framstegspartiet har vore med på å forplikte seg til offentleg støtte til Den norske kyrkja og til andre trus- og livssynssamfunn. Konsekvensen av framlegget frå programkomiteen vil vere ei ny grunnlovsendring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det som er langt verre: Dersom programkomiteen skulle få vilja si, vil det rive grunnen vekk under mykje religiøst liv. Kristne aktivitetar av mange slag vil naturleg nok òg i stort mon bli råka. Til dømes vil det kunne gjelde den omfattande trusopplæringsreforma som er ei viktig og framtidsretta satsing for born og unge i alderen 0-18 år.

Bortfall av offentleg støtte vil innebere ei demontering Den norske kyrkja som ”Norges folkekirke”, slik grunnlova talar om. Det er umogleg å oppretthalde ei landsdekkjande folkekyrkje utan offentleg finansiering. Distrikta vil vere dei første til å merke svekka kyrkjelege tenester. Det vil med naudsyn kome til store nedskjæringar av aktivitet, kyrkjelege tilbod og stillingar. Dessutan kan ein sjå for seg at kyrkja må ta betalt for kyrkjelege handlingar som konfirmasjon, vigsel og gravferd. Dette bryt med prinsippet om at kyrkjelege handlingar skal vere gratis for dei som bur i soknet. Ei betalingskyrkje bryt dessutan med kva det vil seie å vere folkekyrkje, nemleg ei kyrkje som er der når folk har bruk for ho, ved avgjerande hendingar i livet og når livet står på spel for folk. Då skal kyrkje vere der for alle - utan å måtte spørje om medlemsavgifta eller kyrkjeskatten er betalt.

Nestleiaren i Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, har karakterisert framlegget frå Framstegspartiet om å fjerne statsstøtta til trussamfunn som ei katastrofe. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i ei slik utsegn. Programkomiteen i Framstegspartiet kan umogleg ha sett rekkjevidda av framlegget. Det vil råke Den norske kyrkja svært hardt. Derfor er det forbausande at eit slikt framlegg kjem frå eit politisk parti som i prinsipprogrammet seier det byggjer på det kristne livssynet og på humanistiske verdiar. Framlegget representerer eit reelt trugsmål mot Den norske kyrkja som folkekyrkje i Noreg.


Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Les også
Kirkeparagrafen under pressBli med i debatten!
Les også
Solberg: – Kirken må være i forandring
Les også
Dramatisk kuttforslag til kirkesamfunn
Les også
Moskeene avhengige av statsstøtte