Forsoninga i Bibelen og i kyrkja
Det som også teologihistorisk må kunna seiast å vera eit «velkjent faktum», er at ein avstandtaken frå og eit oppgjer med Jesu død som «stedfortredende staffelidelse» ikkje pregar kyrkjehistoria.
Eg takkar førsteamanuensis Asle Eikrem for hans svar (Dagen 15/12) på mitt Innspel om postmoderne teologi og forsoninga. Eikrem gjer godt greie for kva han står for, og det med ein sympatisk språkbruk. Eikrems innlegg er slik sett eksemplarisk, sjølv om det innhaldsmessig er dramatisk bibelsk vurdert.
Det springande punktet er om Jesu død er ein soningsdød under Guds dom og vreide, der han ber syndene våre på lekamen sin opp på krossen og sonar dei for oss, altså at det er ei straffeliding i vår stad på bokmål: «stedfortredende straffelidelse», eller om Jesus død er noko anna. Dette har med korleis vi forstår Guds frelse i Jesus Kristus å gjera.
Eikrem skriv at «det i teologien er et velkjent faktum at en tolkning av korset som stedfortredende straffelidelse ikke ble formulert før reformasjonen», at det gjekk «1500 år av kirkens historie før denne tolkningen av korset ble lansert». Det er nok ikkje eit så «velkjent faktum» som førsteamanuensisen vil ha det til.