Meninger
GUDS ORD: Forkynn evangeliet om Guds rike med frimod, for det gjer menn til menn og kvinner til kvinner, skriv forkynnar Erling Thu.
KS arkiv
Forkynn Ordet med frimod
Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske, for Ordet vart menneske. Han viste oss at Gud er vår skapande Far som elska menneska så høgt at han gav sin einborne Son for å frelsa oss frå vår vondskap. Jesus viste oss også kva det vil seia å vera eit menneske skapt i Guds bilete, for han er det sannaste og beste menneske som har levd på vår jord.
Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menn. Det viser oss at det ikkje er det å ha makt som gjer oss til store menn. Å vera ein stor mann er å vera ein tenar, ein som tek ansvar for å gjera noko med uretten rundt seg. Menn med flotte og fromme titlar har som regel ikkje tid til å stansa opp i sitt viktige arbeid, men menn som er varmhjarta, tek seg tid til å hjelpa den som har falle blant røvarar.
Evangeliet om Guds rike gjer oss til menn som tek ansvar i heim og samfunn. Vi får del i Guds rike når vi tek imot Jesus Kristus som Herre og Frelsar, og blir fødde på ny av Den Heilage Ande, – berre på grunn av Guds nåde. Nåden gjer oss til skikkelege mannfolk og tenarar for Guds plan i vår generasjon. Når vi kjem inn i Guds rike, blir vi berarar av den frigjerande kjærleiksrevolusjonen som Jesus starta.