Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

PLAN B: I Plussord filosoferte presten Sunniva Gylver (bilete) over om Gud kunne ha ein «plan B» for dei som ikkje trur på Jesus. Eg finn det vanskeleg å kvila i eit slikt håp ut frå Johs 3,16, skriv Oddvar Haugland.

Finst det ein plan B?

Publisert Sist oppdatert

I Plussord filosoferte presten Sunniva Gylver over om Gud kunne ha ein «plan B» for dei som ikkje trur på Jesus. Me er veldig mange som gjerne skulle hatt eit slikt håp – når me, som Sunniva, har måtta oppleva at nokon me var så glade i har gått bort – utan synleg å ha denne trua. Eg finn det vanskeleg å kvila i eit slikt håp ut frå Joh 3,16.

Det er likevel mogleg å få kvila – få fred – ut frå Guds ord. Det finst uendeleg mange «bøneborn» i denne verda. Det er nærmast umogleg at eit slikt bønebarn skal gå fortapt når det har ein eller fleire forbedarar som ber i tillit til Guds ord og lovnader! Under nokre trøystefulle vers som eg har fått kvila i.

Gud vil ikkje at nokon skal gå fortapt! (2 Peter 3,9)

Powered by Labrador CMS