FAMILIE: I dette hensynslause jaget mot større hus, fleire hytter og biler har vi då altså oppdaga at barn blir en byrde som vi kan like gjerne velgje vekk, skriv Knut Erlend Rosvold.
Science Photo Library
Familien i hedonismens tid
Om vi er aldri så lykkelige så ønskjer vi altså ikkje å dele denne lukka med fleire. Er vi då i så lukkelige som vi trur vi er?
Det var med vantru eg såg ein reklame frå Nordea. Reklamen viser ei dame som går i ein møbelbutikk og mannen seier lettsindig medan dei ser på borna som leiker og spring mellom møblane «vi skulle ikkje fått ein til da?»
Kona reflekterer over dette og smiler for seg sjølv, men brått får ho i ein visjon moglegheit til å snakke med seg sjølv i framtida. Ho blir advara av den eldre utgåve av seg sjølv som seier til ho «to er nok»!
Da kvinna spør om kvifor. Så sei dama frå framtida. «bare stol på meg, og forresten boost pensjonen din». Dersom dei som laga denne reklamen gjorde ei grundig kulturanalyse før dei laga filmen, kva seier det om oss som samfunn og kva syn vi har på barn og familie?