ECUADOR: Den siste kvelden rodde vi over sundet for å henta posten: Brev frå Landsstyret, dei hadde nå plassert meg i slummen i Guayaquil. Søstera mi tolka kroppsspråket sjølv om eg ikkje orka å snakka, skriv Berit Helgøy Kloster.

Erfaringar frå «einsleg førstereis misjonær»

Våren 1971 var eg klar til utreise, godtatt av Santalmisjonen (no Normisjon) til Ecuador. Ferdig utdanna adjunkt pluss Misjonsskulen for kvinner på Fjellhaug.

I bagasjen pakka 25-åringen også sorga over far som døydde den våren. Eg reflekterte ikkje over at sorgprosessen kunne dukka opp, ingen gav råd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Klar for å undervise på High School i fjellbyen Cuenca, eg let meg viljug intervjue.

Avreisa var i slutten av august, fire tønner med bagasje, eg skulle vera borte i fire år.

Den siste kvelden rodde vi over sundet for å henta posten: Brev frå Landsstyret, dei hadde nå plassert meg i slummen i Guayaquil.

Søstera mi tolka kroppsspråket sjølv om eg ikkje orka å snakka. Ho trøysta meg med at den skinande månen var også å sjå i Ecuador.

Bjørn Willoch si bok om miljøet i slummen, med ti mord per natt, tok utreisegleda frå meg.

Eg hadde sett mor sine tårer, omplasseringa til slummen fortalde eg henne fyrst eit halvår seinare. Leiinga endra ikkje på plasseringa.

Fyrst var den engelskkurs. Fekk bu hjå onkel og tante i New Jersey. Kveldskurs utan fellesskap med dei andre studentane.

Fire månader med åleineformiddagar vart einsemd nok til at sorgprosessen starta. Frimotet og vitnesbyrdet stilna. Noko pengar frå Oslo kom ikkje før til jul.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nyttårshelga var eg hjå misjonær på Bonaire. Ei gudsteneste greip meg: «Husk at du ikkje kan hjelpe nokon lengre opp på erfaringsstigen enn til det trinnet du sjølv har nådd.»

Spanskkurset i Costa Rica var ein fest: Andre norske på veg til Ecuador og medstudentar både frå England og USA.

Språket vart nøkkelen til heile Latin-Amerika, stien inn til hovudvegen som har forma heile livet mitt.

Flyet landa i Guayaquil eitt år etter at eg reiste heimanfrå. Skildringa av klima i sumpen og varmen var slik eg hadde venta.

Nattevakta som gjekk rundt huset, blås i fløyta kvar time, for å fortelja at han gjorde jobben sin. Meir enn ein gong spurte eg meg sjølv: Maktar eg dette?

Arbeidsområdet eg fekk tildelt var ungdomsarbeid i Garasje-kyrkja, og dessutan nybrots arbeid i La Gabarra, tidlegare ferjeleie.

La Gabarra. Her var det gratis «tomter» for indianarar frå Andesfjella, eit eldre par måtte bu på eit hustak.

Gratis prostitusjon for dei militære i nabostrøket. Berre ei jente over 15 år hadde ikkje fått barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg var innom alle dei 20–30 familiane som budde der med medisin mot innvolsormar og ein prat om Jesus.

Mine visjonar om studentarbeid var deprimerande langt unna. Eit julespel med ungdommane lyste opp.

Dramaskriving og framføring for alle i La Gabarra. Ei mor hadde ofra håret sitt for at Josef skulle få skjegg.

Kontakten heimover var fellesbrev, og trufaste venner og sambygdingar samla inn nok midlar til heile lønna mi.

Midt i regntida skreiv eg eit svært ærleg brev om forbønn. Kallet til studentarbeidet låg sterkt på meg, eg måtte finna vegen dit.

Ein kveld dukka det opp ei ny jente i ungdomsarbeidet. Ho ynskte ein samtale.

Marta kom heim til meg. Ho hadde starta på universitetet, og Herren hadde bedt henne starta bibelstudiet der: «Men eg kan ikkje gjera det åleine.»

Eg kunne knapt tru det eg høyrde. Vi delte eit kall!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Via vennskap fekk vi eitt år seinare starte eit livskraftig arbeid tilslutta IFES.

Kva med kriminaliteten? Litt steling av lommebøker. Ein gong punkterte dei alle hjula på bilen i det vi hadde kveldsmøte.

Gudfeldigvis var ein av deltakaren bilmekanikar i det slummiljøet.

Ein kveld eg hadde parkert gjekk eg dei to kvartala til leilegheita, dukka ein bil med to menn opp som sa kva dei ville bruka meg til.

Snu kunne eg ikkje, men sa til meg sjølv at eg var god springar. Gudfeldigvis hadde kommunen starta reparasjon i gata, så dei måtte gira ned.

Eg rakk så vidt å smette inn i blokka, før dei nådde meg.

Dei to åra i slummen utvida komfortsona mi ettertrykkeleg. Varmen og overhengande redsle førte til stort vekttap og hormonforstyrring.

Sidan har eg via studentarbeid møtt personar frå alle landa i Latin-Amerika. Menneske som trass i enkle kår, har gitt glede og styrkt mi Guds tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå kan eg takke for det eg trudde eg ikkje makta.