Debatt
I KYRKJA: Vala bør gjennomførast etter gudstenester og i kyrkja, skriv Arve Kjell Uthaug.
Johanna Hundvin Almelid
Er det ikkje på tide at vi kvittar oss med restane av den gamle statskyrkja?
Det er ikkje det aller viktigaste om det er fire eller tolv prosent som deltek i valet, men om valordninga tek vare på kyrkja sin identitet og integritet.
Fleire innlegg om valordninga i Den norske kyrkja viser stor interesse for kor stor (liten) prosent av medlemane som deltek i valet, og om denne prosenten ville blitt endå mindre med ei anna valordning. Det er interessante spørsmål.
Etter mi meining er likevel eit anna spørsmål endå meir grunnleggjande: Når Kristus er Herre og Guds ord skal ha det avgjerande ordet i kyrkja, korleis legg vi opp til at dette får forma ordningane våre?
Frimodig kyrkje er imot dagens valordning. For oss handlar det om at det heilt grunnleggjande spørsmålet over er viktigare enn spørsmålet om kor mange prosent som deltek i valet. Vi påstår ikkje at vi har funne ei perfekt valordning. Men Den norske kyrkja er i alle fall ikkje eit fjerde offentleg styringsnivå i tillegg til staten, fylka og kommunane.