For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Ekteskapslova er som ein plogspiss for pride og Fri

UGUDELEG LOV: Eg synest ein del ikkje tek det faktumet at vi har ei kjønnslikegyldig ekteskapslov, nok på alvor, og kva det inneber for vigsel, skriv Johannes Kleppa.
Publisert

Min venn Karl Johan Hallaråker har ein overraskande kommentar til det eg for litt sidan skreiv om den kjønnslikegyldige ekteskapslova og vigsel. Eg takkar for kommentaren, fordi den gjev meg høve til å presisera nokre viktige moment. 

Hallaråker skriv i stor grad om andre ting enn det eg tok opp, og han overtolkar meg på eit par punkt. Eg har ikkje skrive om unge som vil inngå ekteskap, og eg har på ingen måte hatt i tanke å gje slike dårleg samvit, same kva ordning for ekteskapsvigsel dei vel. Det er jo ikkje mogleg å inngå ekteskap eller leva i ekteskap her i landet utan at det er under ei kjønnslikegyldig ekteskapslov. Det finst jo inga anna lov. Prinsipielt er alle ekteskap lovmessig kjønnslikegyldige, sjølv om det reint biologisk er umogleg.

Eg skreiv heller ikkje om ulike vigselsliturgiar, korkje i eller utafor Den norske kyrkja (Dnk). I Dnk har ein to ordningar for dette, ein heterofil og ein kjønnslikegyldig. I alle andre kyrkjelege samanhengar har ein, så langt eg kjenner til, berre liturgi for heterofile ekteskap. Eg har lagt til grunn at dei er bibelsk baserte, slik at dei talar sant om ekteskapet og det som skjer i vigsla, og tilsvarande for heterofil vigsel i Dnk. 

Powered by Labrador CMS