| Debatt
Svarar Kleppa: Vi vier ikkje i kraft av ei ugudeleg lov
AVSPORING: Å skapa utryggleik og dårleg samvit for å nytta kyrkjeleg vigsel er avsporing, meiner Karl Johan Hallaråker.
Bjørn Olav Hammerstad
I Dagen si nettavis 9.07.25 les vi Johannes Kleppa sin artikkel om ekteskapet med hans konklusjon om ugudeleg ekteskapslov og råd om å gå over til berre ei form for borgarleg vigsel med etterfølgande forbøn i kyrkje el bedehus. «Kyrkjelydar vigslar i kraft av ei ugudeleg lov», er påstanden i overskrifta hans.
Eg har stor respekt for Johannes sin kunnskap og ikkje mindre hans frimot til å ytra seg. Med langt vennskap er det med stor ulyst eg skriv dette: Eg er djupt usamd med han i dette spørsmålet og det falske åket han legg på kristne som gifter seg det vere seg i Den norske kyrkja eller i andre trussamfunn. La meg kommentera kort:
Staten si ekteskapslov finn ein lett i norsk lovdata. Her er ein grei oversikt over både prøving av ekteskapsvilkår, samtykke frå båe to, like rettar for båe, reservasjonsrett for vigslarar m.m. Så har trussamfunn med vigselsrett fått offentleg godkjent sin(e) liturgi(ar) for vigsel. Desse liturgiane er faktisk norsk lov på dette område!