Ein konservativ kristen
Dette uttrykket har komt fram i debatten i avisene i det siste. Kva er ein konservativ kristen?
Det er det motsatte av å vere ein liberal kristen. Ein konservativ kristen trur på heile bibelen som Guds inspirerte ord, mens ein liberal trur berre på deler av den. På tvers av alle kyrkjesamfunn står striden om dette i dag. Ein må velje kva side ein vil stå på.
Det er trist at nyare undersøkingar viser at under halvparten av menneska i Noreg trur at der er ein Gud som har skapt himmel, jorda og alt som finst i den. Utviklingslæra har fått overtaket sjølv om den ikkje er bevist og at også det er ei form for tru. Ein har leita etter «The missing link» i snart to hundre år og vil aldri finne den. Gud skapte mennesket til mann og kvinne i sit eige bilete.
For ikkje lenge sidan vart femhundreårs-jubileet for reformasjonen feira. Martin Luther hengte dei 96 tesene på kyrkjedøra i Wittenberg. Etter at han hadde vorte munk, så leste han heile bibelen og oppdaga at menneska ikkje vert frelst ved gode gjerningar eller ved å betale avlat, men ved tru på Jesus Kristus. Luther vart då lyst i bann av Den katolske kyrkja. Han var konservativ og trudde på bibelen som Guds sanne ord. Luther vart kjent for uttrykket «skrifta eleine». Han meinte at tru, liv og lære måtte innrettast etter Guds skivne ord.