| Debatt
Det handlar ikkje om tru – det handlar om makt
Eit personleg oppgjer med religiøs maktbruk er ikkje ei svekking av analyse. Det er ein styrke.
ANSVAR: For oss som har vakse opp med religiøst maktspråk tett på livet, er det ikkje berre lov å kjenne att tonane. Det er eit ansvar, skriv Hilde Sandvik.
Helge Skodvin / NPK
Det er eit interessant paradoks at når eg, med levd erfaring frå ei religiøs oppvekst, skriv kritisk om kva religion kan bli når den blir kopla til politisk makt, så blir erfaringa mi brukt mot meg.
For det er akkurat det som skjer i Sofie Braut si tilbakemelding på min kronikk i Aftenposten. Der blir eg skulda for å skriva ein tirade mot tru, for å framstå som ein profet, og for å stappe alt eg ikkje likar ned i ein brungrumsete blender kalla «religion».
Lat meg vere tydeleg: Eg kjenner djupt respekten for personleg tru. Det eg rettar blikket mot, er når trua blir eit politisk verktøy – og dermed ein del av maktapparatet. Eg har ikkje skrive mot tru. Eg har skrive mot makt.