«Det er lite himmelfokus blant oss. At ateistar og a-religiøse er uinteresserte er berre rimeleg – dei har jo ikkje tenkt seg dit heller. Men at me kristne er så lite opptekne av himmelperspektivet og så dårleg marknadsfører dette store, ja, det største – er tragisk.» Foto: Tommy Clark/CC/Flickr

Den evige sæla i himmelen

Det er lite himmelfokus blant oss. At ateistar og a-religiøse er uinteresserte er berre rimeleg – dei har jo ikkje tenkt seg dit heller. Men at me kristne er så lite opptekne av himmelperspektivet og så dårleg marknadsfører dette store, ja, det største – er tragisk.

Jesus sa: «Streva alt de kan for å koma gjennom den tronge porten...» Kva meinte han med det? Kvifor vektla han det så sterkt? Er det så mykje å henta der innanfor porten? Det er rimeleg god grunn til å fylgja hans råd og oppfordring, Han er verkeleg truverdig. Paulus er også medviten på dette – og ville gjerne flytta om så på dagen.

Nokon hevdar med tyngd at oversetjinga evig pine i helvete er misvisande og gjev heilt urette tankebilete – som me ikkje kan leva med og heller ikkje forsvara (det må me berre vedgå og koma ateistane i møte). For når tida er til ende, kan ein ikkje bruka termar for tid – som ikkje finst lenger – og ord for tidløysa har me ikkje. Evig må omsetjast med definitivt, for alltid, absolutt, ugjenkalleleg. Og då fell mange ting på plass.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At bortfallet av helvete som pinslestad i «all æve» skulle øydeleggja for behovet for frelse, og motiv for ein sterk himmellengt hjå oss, er uforståeleg. At eg med å hevda dette kjem ateistane i møte, får så vera. Eg synest dei har eit poeng her, og det eg hevdar finn god støtte i Bibelen – det er logisk og støyter ikkje vår rettskjensle. At den som ikkje vil velja Gud korkje her i livet eller hinsides – får det som han vil, er bibelsk. Gud tvingar ingen. Og kjærleiken gøymer ikkje på det vonde, skriv Paulus. Gud sparer ikkje på helvetet og det vonde.

Kvifor seier då skriftene så lite om denne evige sæla når ho er så attråverdig? Kan det vera at himmeltilveret for dei det er etla til, i den tida det vart nedskrive, ikkje hadde føresetnader for å fatta den himmelske tilstanden? Så forfattarane laut ty til grensesprengjande ordbilete som gater av gull, og portar gjennom perler – visjonar med ei slik overdådig prakt at det sprengde alle førestellingar om storslagne tilstandar?

I dag er me komne litt lenger i å kunna forstå kva eit kosmisk tilvere i nye dimensjonar kan by på – og her byrjar mi undring og etterlysing: Eg saknar nokon som vågar å drøyma om Skatten, Overdådigheita i himmelen, og minna oss på det grensesprengjande ved å kunna ferdast, vera, bestå, leva i nye dimensjonar, vera Gud-like i langt større mon enn det me kan oppleva her i dette jordelivet, og vera heilt utan det som avgrensar og legg dempar på gledene her og nå.

Me har høyrt at det skal vera musikk, samvers og bordfellesskap med utsøkte matrettar og utsøkt drikke. Men kven vil/kan brodera det ut? Har me det for godt og sutalaust her hjå oss her i det jordiske til å higa etter det forløyste livet i det himmelske?

Eg trur me i vår svekka himmellengt er direkte prega av dei a-religiøse og ateistane med sine fattige førestillingar av ævelivet. Dei eksponerer si vantru med å skildra himmellivet i banale bilete der dei frelste sit på kvar sin skydott, dinglar med beina og spelar harpe i det uendelege! Det er så dumt at det er ikkje til å le av ein gong. At det gjer seg i ein vits for a-religiøse er OK, men det må ikkje få nokon til å tru at det liknar på ævelivet. Men det er me kristne som har forsømt å gje dei rette, gode og sanne bilete av himmel-tilveret, eller jordelivet i det nye paradiset.

Eit uendeleg liv? Kan det vera noko stas? Og det spør folk som klamrar seg til dette livet og tyner det ut alt dei kan! Men dei vegrar seg og avviser, betakkar seg for sine eigne fattige evig-liv-førestellingar. Men kva har me som kristne gitt dei av korrektur, visjonar, vyer?

Eg ser ateistar som på Verdidebatt seier seg svært nøgd med dette jordiske livet. Når «det er slutt, er det slutt». Men eg har mistanke om at dette ikkje er heilt ærleg. I alle fall er det langt frå den innstilling og haldning samfunnet ellers har til å ta vare på livet – det jordiske, her og nå. Dei er offer for ei forføring av han som kallast ein «lygnar og far åt lygna». Ein illustrasjon: Når nokon gjer eit lovbrot, blir han ilagt bot. Er ugjerninga grov, får han fengsel i kortare eller lengre tid. Strengaste straff er fengsel på livstid. Nei, me har noko som heiter dødsstraff. Men det er så umenneskeleg at det er fjerna frå straffeutmålinga i Noreg. Tilmed Anders B. Breivik med 77 unge liv på samvetet vart skåna for den. Kvifor?

Fordi me reknar at livsavkorting er uhyrleg – det å berøva eit menneske livet – om aldri så simpelt, er forkasteleg. Og det endå livsresten for ein massemordar neppe blir av høgste kvalitet. Men «dårlig ånde er betre en slett ingen», seier kinesarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og så kjem Gud med eit tilbod: Søk frelse frå dette livet som er skjemma av vondskap, sjukdom, smerte, synd, dom og evig død ved å ta i mot Jesu forsoning for syndegjelda overfor vår Skapar, og du får adgang til eit fullkome tilvere, eit liv i ein ny dimensjon der alt det vonde er borte, og paradisiske tilstander rår overalt! Me får flytta inn i det tapte paradiset og får ha samver med Skaparkrafta i eit fullkome liv!

Å seia nei takk til dette er absurd. Umenneskeleg. Ei slik haldning må vera inspirert av djevelen sjølv som ikkje unner menneska noko godt. Å fylgja han fører berre til evig død – fortaping av alt gode som Gud har etla til dei som elskar han. Valet er vårt – eg seier ja, takk!

Les også
«Israel er en av oss»
Les også
Mesterens mesterplan
Les også
Anmelderiets utfordringer
Les også
Er skolen nøytral?
Les også
En historie vi ikke må glemme