TREDJE KJØNN: Det gode livet er ikkje knytt til nøytrale personnummer eller unisex-toalett. Det er heller ikkje slik at ein tredje kjønnskategori vil hjelpa folk med å få det godt med seg sjølv, skriv Sæbjørg Hageberg Kjeka.
Lise Åserud, NTB scanpix
Alle menneske ønskjer å leva gode liv og ha det godt med seg sjølv
Det gode livet er ikkje knytt til nøytrale personnummer eller unisex-toalett.
Dei fleste vil vera einige i påstanden i overskrifta – både dei som argumenterer for eller mot at vi skal ha meir enn to kjønn og dei som meiner at ekteskapet er for mann og kvinne. Det er for dei fleste også sjølvsagt at vi skal arbeida for at ikkje menneske blir mobba, trakassert eller diskriminert, men i staden kan kjenna seg trygge der dei er. I det mangfaldige samfunnet er dette viktig.
Når Rosa kompetanse presenterer seg sjølv i Dagen (4. des. 2019) som dei som veit korleis dette må løftast fram, må det likevel vera lov til å vera ueinig i det eller stilla spørsmål ved det, utan at ein skal bli kalla «personer som ser ut til å ha liten kjennskap til vårt arbeid».
På nettsida si presenterer Rosa kompetanse seg som «et kompetansemiljø som tilbyr faglig bistand og undervisning om kjønns- og seksualitetsmangfold», som jo er det organisasjonen deira, FRI, jobbar for. Dei tilbyr altså informasjon om at det finst «eit mangfald av kjønn» før dette er utgreidd eller vedteke i Stortinget – faktisk med støtte frå både Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet!