FRISPARK: Kjell Helland viser her til Shoaib M. Sultans Frispark 16. oktober og til innsende debattar i ettertid.

Allah og Koranens Allah

I samband med muslimen Shoaib M. Sultans sitt «Frispark» den 16. oktober oppmodar Reidar Holtet den 22. oktober Dagen til å føreta grenseoppgang mellom Allah og Gud og skriv vidare at det «oppleves blasfemisk at muslimene ukritisk får bruke benevnelsen Gud om Koranens Allah …»

Les også
Shoaib Sultan: «Bønn er aldri bortkastet for muslimer»

Dette fall Nils Petter Enstad tungt for brystet. Den 25. skriv han så eit innlegg, der han tillegg Holtet «ren uvitenhet», og ser seg nøydd til å driva med litt folkeopplysning. No kan det nok vera eit spørsmål om kven det er som treng opplæring her. Sjølv vil eg støtta Holter i det han skriv, og vil grunngje dette i det følgjande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Religionsblanding i Dagen?

Når Enstad skriv at Allah er det arabiske ordet for Gud, så er nok det heilt rett. Så når det i arabiske biblar står at «i opphavet skapte Allah», så er det heilt greitt, for då er Allah det same som Elohim.

Les også
Allah betyr faktisk Gud på en rekke asiatiske språk

Men ein muslim si åndelege bok er ikkje Bibelen, men Koranen. Og den Allah som vert omtala der og som ein muslim har eit forhold til og ber til, er ikkje han som har skapt himmel og jord, men derimot ein avgud. For når ein muslim talar om Allah, så er det Koranens Allah han tenkjer på, ikkje Bibelens Allah, skaparen av himmel og jord.