Debatt
ALL IN: Martin Luther gjekk «all in» for det han hadde sett i Guds ord, altså evangeliet og forkynninga av det. Det skulle ikkje store atterhaldet til, før det ikkje hadde vorte nokon reformasjon, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
«All in» for Jesus
Det har oppstått ein underleg debatt om det er rett å utfordra kristne, særleg unge kristne, til å gå «all in» for Jesus. Debatten er knytt til den planlagde misjonskonferansen «The Send», som er tenkt å samla tusenvis av ungdom og utfordra dei til forpliktande misjonsengasjement.
Det har ikkje vore mykje forkynning om misjon og kall til misjonsteneste dei seinare åra. Som kristne i velferdsstaten Noreg, med stadig sterkare sjølvdyrking, er ikkje kall og utfordring til offer og nedprioritering av seg sjølv, det som vinn lettast fram.
Slik sett må ein vera glad og takksam for at det er nokon som vil kalla unge kristne saman til misjon og kalla dei til misjonsteneste, utan at eg her skal gå inn i konseptet for «The Send».