| I Fokus
Å forkynna eller skriva er å halda dommedag over seg sjølv
TALE OG SKRIFT: Bibelen formanar oss til berre å seia og skriva det som tener til oppbygging der det trengst, så det kan vera til velsigning for andre, skriv Erling Thu.
Johannes Lavik
Jesus gjer det klart at vi skal korkje sverja eller banna. Vi skal la eit ja vera eit ja og eit nei vera nei. Alt som er meir enn det er av det vonde. Det hjartet er fylt av, det seier munnen og det skriv vi i innlegg og kommentarar i aviser og sosiale media. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.
Kvart unyttig ord som vi seier eller skriv, skal vi svara for. For etter orda våre skal vi bli frikjend, og etter orda våre blir vi felt. Difor seier Bibelen mykje om korleis vi snakkar. Orda vi bruker er viktige, tunga har makt over liv og død. Det same gjeld det skrivne ordet!
Bibelen formanar oss til berre å seia og skriva det som tener til oppbygging der det trengst, så det kan vera til velsigning for andre. Ikkje eit einaste ròte ord må koma frå oss. Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk treng ikkje vera vanskeleg å unngå, det er verre med unyttige ord, dei kan det lett bli mange av.