RIKDOM: Forfattar Hans Johan Sagrusten opplever openberringsboka som sterk og rik.
Dan Aksel Jacobsen, Verbum forlag
Oppdaga si eiga tid i Johannes' openberring
Mange har lese den siste boka i Bibelen for å forstå framtida. Hans Johan Sagrusten har oppdaga meir om samtida og seg sjølv.
Teologen er ute med boka «Johannes openberring. Ein samtidsvisjon» på Verbum forlag. Utgangspunktet var at han fekk spørsmål om å halde bibeltimar om boka på generalforsamlinga til Misjonssambandet for fire år sidan.
Nesten eit år med førebuing inspirerte han til å studere heile boka inngåande.
Speglar eige liv