SOKNEPREST-VIKAR: Verena Fuglestad seier ho har fått draumejobben.
Helene Reite Uglem
Vaks opp som katolikk. No er ho luthersk prest
– Besteforeldra mine hadde snudd seg i grava, seier vikar-soknepresten i Bjerkreim, Verena Fuglestad.
Men først litt kaffi. Espresso må det vere, og helst i ei Baletti-kanne.
– Den norske traktekaffien er så komplisert, seier sokneprest Verena Fuglestad, og plasserer to koppar på ein rutete duk.
Tenåringsdottera kjem inn og set ein Grandiosa i omnen. Den italienske mora ser ikkje ut til å rynke på nasen over slikt. For no er ho i Noreg. Og slik er det her.