Rett eller plikt?
Det er ikkje sant at kvinner har rett til å abortere, ingen har rett til å ta liv!, skriv Linda Austnes.
Det er så vondt å sjå det! Slike fortvilte hylande folkehopar rundt om i verda. Ropande kvinner med paroler om frigjering og skremsel om strikkepinner.
I harnisk over faren for å miste sine retter, hardt tilkjempa gjennom fleire generasjonar. Det er til grine av.Jau, eg er for rettferd! Eg er for likeverd.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Eg skal gjerne bere parolar for retten til å bli likebehandla og verdsatt for den samfunnsinnsatsen vi gjer enten vi er heime- eller utearbeidande, men eg vil aldri kunne forstå at kvinner går i fremste rekke for retten til å fjerne barnet i mors liv. Aldri!
Tenk om dei kunne legge nokre av kreftene og pågangsmotet i å kjempe for meir innlysande retter som lik lønn for likt arbeid?
Eller lik tilgong til alle stillingar uansett kor det er på rangstigen, berre vurdert utifrå kvalifikasjonar, heilt utan å vere nedverdigende «kvotert» inn?
Tenk om dei kunne bruke av kunnskapen sin til å kjempe for retten til å vere heime med borna den tida dei treng det aller mest og få betalt for den mest samfunnsnyttige av alle jobbar, nemleg å bygge og utvikle neste generasjon.
Tenk om dei kunne bere paroler om å ta tilbake heimen, få støtte til familielivet og ekteskapet, og kanskje endåtil få samfunnet såpass tilrettelagt at ein kunne ha tid og krefter til å vise vår eldste generasjon såpass omsorg at dei kunne få ein verdig alderdom.
På den tida då abortlova vart vedtatt med knappast muleg fleirtalI, vart det argumentert med at det som skulle aborterast berre var ein celleklump utan verdi. I vår opplyste tid veit alle som er interessert i å vite det at den «celleklumpen» har alt si eiga personlegheit.
I tolvte veke , som er grensa for fri abort uansett kva grunn ein måtte ha, er «celleklumpen» forma som eit lite menneske og har alle dei anlegg det vil ha når barnet vert født, heretter skal det berre vokse og utvikle seg fram til fødselen.
Einkvar abortlege veit også at det er armer og bein som kjem ut av slangen som blir ført inn til «celleklumpen» og dei fleste abortlegar har vel også kjennskap til tanga som blir brukt til å fange og knuse hovudet med. Slett ikkje rart at der er dei som vil reservere seg.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Det er så vondt å sjå kor samfunnet vrenge på sanninga. Det er ikkje sant at det er ein celleklump, det er eit barn! Det er ikkje sant at kvinner har rett til å abortere, ingen har rett til å ta liv!
Det som er sant er at kvinna bestemmer over eigen kropp, og det gjer ho også den stunda barnet blir unnfanga (med mindre ho blir voldtatt, men det er ikkje ekstremtilfella som er bakgrunnen for ropet om rett til abort).
Det er heller ikkje sant at barnet er ein del av kvinna sin kropp, det er eit sjølvstendig lite individ som fantastisk nok er avhengig av si mors fullstendige omsorg.
Ingen kan nokonsinne erstatte det ei mor er for sitt barn, og slett ikkje dei første og mest avgjerande månadane av barnet sitt liv. Derfor er det så vondt å sjå at mødrene roper om å få sleppe dette fantastiske gudgitte ansvaret.
Siste tida har media hatt mange oppslag om reservasjonsretten. Tenk at det skal verte det store problemet! Desse legane veit kva det handler om! Kanskje det hadde vore på sin plass å heller diskutere informeringsplikta?
Burde ikkje legane ha plikt til å fortelje kvinnene kva eit abortinngrep eigentleg er? Kva med å innføre ultralyd for alle abortsøkjande? Eg er rimeleg sikker på at aborttala fort ville reduserast kraftig! Men det er det ingen som roper om.
Det er grunn til å rose den kvinnelege bloggeren som melder reservasjonslegane innfor fylkesmannen. Ho «overvaker» media for å finne nye kandidater som etter sigande bryt norsk lov ved å reservere seg.
Det er rosverdig når enkeltmenneske engasjerer seg for å passe på at lova vert fulgt, og sørgeleg å måtte spørje: Kor er alle vi som ynskjer å fylgje ei større lov enn den norske?
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Menneskeverd Linda Austnes Godøy