Illustrasjonsbilde: Fotolia
Daniels menn
Likestillingskampen har ikkje gjort det enklare å vere ein god mann. Iveren for å gje kvinner respekt og aksept har medført ei generell feminisering.
Noko av innsikta i det særeigne ved kjønna har dunsta bort. Mannsidentitet og -rolle er ikkje lenger sjølvsagde, og unge menn veks opp med underskot på status og forbilde. Usikre menn vik gjerne tilbake frå å ta ansvar, og det vert lite manndom att. Også i kyrkja.
Sidan 1200-talet har eit feminisert fromheitsideal prega kristne miljø. Sjølv voks eg opp med bilete av ein veik, hippie-langhåra Jesus. Mild, søt, komen rett frå frisøren og manikøren. Han stod for døra og banka så forsiktig at det berre så vidt høyrdest.
Denne bilettradisjonen som voks fram i kjølvatnet av ein individualisert brudemystikk, har vore med å framandgjere menn. Og dei siste 40 års kjønnskamp har forsterka inntrykket. Pyntelege, kvinnedominerte, røyking-forbudt-fellesskap har ikkje utan vidare tiltrekningskraft på maskuline mannfolk.