OPPDATERT: «Når pastorar, prestar og emissærar legg vinn på å vere «up-to-date», skal ein legge merke til kva som vert borte», skriv Ottar Myrseth. Biletet er frå Leinstrand kirke. Foto: Garom Kallestad, NTB Scanpix
«Vi kjedar oss til døde»
Det er tragisk når åndelege skattar og estetisk djupne vert ofra i forsøk på å vere tilgjengeleg.
Kyrkjene i vår del av verda kjempar hardt for å vere relevante for moderne menneske. For å tiltrekkje seg tilhengarar er somme viljuge til å gi opp særtrekk ved kristen tru og tradisjon. Skal tru om dei ikkje forvekslar sjukdom og medisin?
For kva er på ferde når forkynning manglar djupne og fallhøgde, når sansen for eigne røter og historie kjem i bakgrunnen, når vørdnad for det heilage dunstar vekk og det manglar smerte og skjønnheit?
Filmskapar Randi Førsund skreiv nyleg engasjert om kor vanskeleg det var å få prestar til å uttale seg konkret om himmelen og livet etter døden.