Berit Roald, NTB Scanpix
Uakseptabelt i ny lov
I ein rammelov skal berre det aller mest nødvendige stå, og i alle høve ikkje slikt som grip inn i kyrkja sitt indre sjølvstyre.
Forslaget til ny lov om trus- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) er til høyring. Det er berre to veker att til fristen er ute, så no gjeld det for kristne frikyrkjer, andre trus- og livssynssamfunn, som Human-Etisk Forbund, ulike samarbeidsorgan kyrkjene imellom etc. å nytta den laglege tid:
Sei nei til lovutkastet sitt framlegg om at «kirkelige valg holdes samtidig med, og i lokaler i umiddelbar nærhet av, offentlige valg» (§ 11 i utkastet).
Eg har éin formell og to saklege kommentarar til kvifor dette er uakseptabelt. Den formelle går på at det som er sitert ovanfor er usynleggjort i dei spørsmåla høyringsinstansane blir bedne om å ta stilling til.