SENTRUMSTEOLOGAR: I studietida mi brukte vi omgrepet «sentrumsteologar». Det var dei som balanserte mellom liberale og konservative fløyer innan kyrkja, skriv Egil Sjaastad.

Timoteus og oss: Sentrumsteologi

I studietida mi brukte vi omgrepet «sentrumsteologar». Det var dei som balanserte mellom liberale og konservative fløyer innan kyrkja.

Paulus kan ikkje plasserast i ein slik bås. Han var apostel, derfor er vi forplikta på det han lærer i breva sine (1Tess 2,13).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her vil eg bruke uttrykket sentrumsteologi på ein annan måte. Det Paulus forkynte, hadde nemleg eit klart sentrum: «Det er eit truverdig ord, fullt verdt å ta imot: Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største» (1Tim 1,15).

Dette var ikkje nytt for Timoteus. Tvert imot: Han hadde det på tunga både titt og ofte. Men av og til fekk det ei svært personleg innsikting. Det skjedde dei gongene han måtte erkjenne at han sjølv framleis var ein syndar. Syndig begjær rørte på seg. Motivasjonen bak alt han gjorde, avspegla ikkje berre omsorg og iver for Guds sak. Både hemntankar og skadefryd kunne dukke opp, især når konfliktar rådde grunnen.

Paulus tok han med til sentrum: Der fann han kvile. Han kunne seie til seg sjølv: I Kristus er eg rein for Guds andlet. Rettferdiggjort. Og så får eg prøve å leve vidare med Guds bodord som rettesnor.

I dag blir denne sentrumsteologien adressert også til meg og deg. Det opnar for takk og glede. For Jesus kom til verda for å frelse syndarar!