SAMTALE: Overåndelege kristne kan ha eit poeng. Lat oss da samtala – med respekt for kvarandre, skriv Egil Sjaastad.

Timoteus og oss: Overåndelege kristne

Timoteus kjente dei godt. Dei fanst i Efesus også. Alvorlege kristne med ein tydeleg peikefinger. Dei åtvara mot fleire av gledene som menneskelivet kunne by på. Visse typar mat – assosiert med tempelfestane – skulle avvisast. Ein kristen skulle heller ikkje gifte seg, for seksuelt samliv høver ikkje for den som vil vere åndeleg.

Gjennom kyrkjehistoria har det oppstått liknande rørsler. Møter vi slike, må vi prøve å rydde i tankegangen. Noko må avvisast kontant. Og i saker der ein ikkje kan seie kva som er rett eller gale ut frå Guds etiske bodord, skal det rå fridom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Paulus kjende seg forplikta til å understreke: «For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko er til å forkasta når det vert teke imot med takk» (1Tim 4,4).

Den bibelske skapingsteologien må løftast fram.

Synda ligg alltid på lur når vi skal nyte skapargåvene, det er sant nok. Men skapargåvene i seg sjølve er gode, meint å vere til glede for oss. Ta imot dei med takk til Gud!

Om vi som Timoteus «nærer oss med» Guds ord, får vi hjelp både til å seie nei til det som lokkar oss til synd, og ja til dei gåvene Gud har gitt oss å glede oss over (4,6).

Lett er det ikkje. Av og til kan vi kome i tvil om kva som er tenleg. Overåndelege kristne kan ha eit poeng. Lat oss da samtala – med respekt for kvarandre.