Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Kommentar

HØGTID: Blir vi ståande att i livsmellomromma lenge nok til å kjenna luftstraumane endra seg rundt dei milde vengjeslaga?

Pinse – ein plass for turistar med gnagsår

Langs tørre langdistansar trengst opningane som overraskar og forfriskar.

Publisert Sist oppdatert

Hugsar du sist du traska gatelangs i ein oksygenfattig by med litt for tette sko? Eller besøkte ein park, men fann ut at alt du hadde planlagt å sjå, var litt lenger frå kvarandre enn det verka på kartet du plukka opp i inngangspartiet?

Alt byrja lett-på-tå. Som ein irriterande hund trippa du logrande opplagd frå side til side. Varmgang i skritteljaren. Blikket høgt og lågt. Alt handla om å snusa inn denne parken.

Eller, ta gleda over bygatene. Smørblide nikk til Per og Pål, og alle med eit visst interessant, lokalt preg. Sjølv ei punktert postkortsjappe gav akutt lyst til å påkalla resten av reisefølgjet med muntre utrop.

Powered by Labrador CMS