PROFESSOR: Paul Otto Brunstad er professor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Bergen.
Gunnhild Lønning
Paul Otto opplevde å møta Gud på murgolvet i fjøset
Professor og forfattar Paul Otto Brunstad brukte store delar av ungdomstida på å grubla over livets store spørsmål. Det heile eskalerte til ei livskrise, etterfølgt av ei brå omvending som 17-åring.
Som 15-åring skreiv Paul Otto Brunstad ordet «gud» med liten g.
Det var eit stille opprør mot ein kristendom han ikkje opplevde gav svar på dei store spørsmåla i livet.
I staden søkte sunnmøringen mot litteraturen, filosofien og psykologien. Men lesinga drog han etter kvart inn i det han sjølv omtalar som ei krevjande eksistensiell livskrise.