| Andakt

LYS: Lyset ved grava påskemorgon gjorde ein kontrastfylt morgon komplett.

Husk det han sa!

Publisert Sist oppdatert

Søvn er ei midlertidig lindring. 

Å vakna opp etter noko vondt som har skjedd dagen før, kan kjennast som å bli innhenta. Sanninga om ein fortvilt situasjon stig opp som eit skummelt monster frå ukjende djup. 

Vi veit ikkje korleis kvinnene i Jesu krets hadde det då dei vakna opp den første påskemorgonen. Men mest sannsynleg blei dei jaga opp av svevnen, kom seg på beina og kjende behov for å gjera noko

Å salva den døde, er å adressera avmakt og sorg. Å gå til grava, ta inn over seg realitetane på nytt, er å ta eit slags grep om det uhandterbare. 

At han var død, hadde gitt tapt. At av alt det dei håpa på, vart ingenting noko av.

Ei grav er ein definitiv og brutal plass. 

Dermed blir kontrasten som kvinnene opplever i daggryet på påskemorgon også så total. I grålysinga, og det vi må tru er eit stummande, psykologisk mørke hos dei som ber den angande oljen, skin englekleda til dei to mennene med eit lys som ikkje berre gjer at dei må mysa forundra, men som verkar endå sterkare. 

Det er det lyset som lyner gjennom skriftene, som har blenda stamfedrar og profetar før dei, det som Johannes seinare kalla «det sanne lyset», eit ekko frå skapardagens mektige «Bli lys!»

Lyset som reinsar og «lyser for kvart menneske», slik også apostelen Johannes skriv. 

Vi merkar oss at lyset verkar på kvinnene, sjølv om dei ikkje visste kva dei skulle tru. Lyset kallar fram ein reaksjon hos kvinnene. Dei blir «forfærda», ifølgje Lukas. Som så mange andre i skriftene, ser det berre ut til å vera ein respons som passar når menneskeleg sorg, håpløyse og forvirring kjem i kontakt med dette lyset. 

Det er å bøya seg, finna ein lågare plass, trykka seg ned mot jorda, der ein instinktivt skjønar at ein høyrer til. Det er ikkje utan grunn at ordet for audmjuk på engelsk «humility» kjem frå det latinske ordet for jord, humus.

Det er godt for oss menneske å gje ein fysisk respons i møte med det guddommelege, å få uttrykka også med kroppen det som er sanninga om oss. Salmisten uttrykkjer det slik: «for han veit korleis vi er skapte, han veit at vi er støv» (Sal 103: 14). 

Men det stoppar ikkje der. Dei som seier at det å bøya seg for Gud, er menneskeleg sjølvutsletting, tek feil, i alle fall om vi passar på å ha Bibelen som referanse. Her er det oppreising, hjelp og veg vidare. Som i teksten denne påskemorgonen. 

Heller ikkje her inneheld den guddommelege tiltalen berre ein kommando eller ei befaling. Kvinnene får i staden eit spørsmål, noko å grunna over. 

«Kvifor leitar det etter den levande mellom dei døde?» 

Eit spørsmål som set dei på sporet av kven Jesus har vore for dei, heile vegen mens han har vore saman med dei desse åra. Eg gjettar på at kvinnene reiste seg litt nølande, ser spørjande på kvarandre. I staden for sorga som innhenta dei då dei gnei svevnen ut or auga, blir dei no innhenta av noko dei eigentleg har visst heile vegen. 

Jesus var jo liv. Han var jo lys. Han sa det sjølv! 

I staden for ein kommando, møter kvinnene ei påminning. Det blir kalla fram i hjarta deira som eit gammaldags fotografi i mørkerommets kontrastvæske. 

«Då kom dei i hug orda hans …» 

Påskedagen gir oss eit håp, men ikkje noko som kjem berre som kjensler eller ut av det blå. Tvert imot. Håpet er knytt til orda frå frelsaren, det som han har sagt og det som er skrive. Heretter er ikkje berre svevnen noko midlertidig, men også døden si definitive kraft er oppheva: 

«Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg skal leva om han døyr». 

Påskeevangeliet: Lukas 24, 1–9

Jesus står opp

1 Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. 2 Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. 3 Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. 4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. 5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? 6 Han er ikkje her, han er reist opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: 7 ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» 8 Då kom dei i hug orda hans. 9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

Powered by Labrador CMS