INTROVERT: Hans Eskil Vigdel frå Randaberg er diakon og gjer seg tankar rundt den introverte personlegdomen i ei moderne tid - frå kristeleg hald.
Eivind Algrøy
Hans Eskil var lenge del av eit karismatisk miljø: – Det sleit meg ut
Blir den ekstroverte personlegdomen favorisert, også i kristne miljø? Introverten Hans Eskil og ekstroverten Arne Joakim er ikkje i tvil.
– Eg trudde lenge at eg måtte ropa høgt for at Gud skulle høyra meg.
Hans Eskil Vigdel er nesten litt fascinert når han seier det. I ungdomstida var han ein del av karismatiske kristne miljø der bønene ofte var høglydte og intense.
Men for ein introvert tenåring frå Randaberg vart det til slutt slitsamt.