SJELESORG: I faget sjelesorg må ein ta opp mange og ulike tema. Ein skal respektfullt gi hjelp til å «sortere» i problema og gå nye steg i livet, skriv Egil Sjaastad om her.

Barnelærdomen som sjelesorg

I mi skoletid var uttrykket «barnelærdomen» framleis i bruk. Med det meinte ein viktige punkt i kristen tru og moral. Og her sto «Katekisma» sentralt. I over to hundreår hadde Lille katekisme blitt sett på som «barnelærdomen». Døypte born skulle her få lagt ein grunnvoll for tru og liv – ved ei elementærundervisning i kristendom.

«Alt flyt»

Nokre år seinare las eg pensum til «ex.fil» og vart kjent med filosofen Heraklit. Han brukte uttrykket: «Panta rhei», «Alt flyt». Alt er i endring. Ingenting står fast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var spennande tankar, Men dei samsvara ikkje med det eg hadde lært på skolen. Og slett ikkje med det vi hadde høyrt på søndagsskolen. Eg såg for meg søndagsskolelæraren vår. Han hadde frivillig tatt på seg oppgåva nettopp fordi han meinte at ikkje alt flyt. Han kjente noko som står fast når stormane kjem.

Faste haldepunkt

Da Luther gav ut katekisma, var nettopp dette poenget: Når det gjeld tru og liv, har vi faste haldepunkt midt i ei skiftande verd.

Luther var vitne til mykje som skaka lokalsamfunnet. Ja, heile kulturen var underlagt endringar. I sjelesorgsamtalar lærte han kor skjørt livet er. Mange var usikre på kva ein skulle halde seg til. Han skreiv stadig brev til rotlause menneske i livskriser.

Under epidemien i 1527 flykta mange frå Wittenberg. Til og med universitetet vart flytta. Men Luther og Bugenhagen vart att i byen for å vere til hjelp. Den 19. august var det atten dødsfall i byen. Livsforholda var urolege og usikre.

Reint personleg hadde Luther dessutan ei depressiv periode i denne tida. Å vite kva ein møtte i neste sving, var uråd. Og han kjente på ein følgjesvein som ikkje tar ferie: Synda.

Men nettopp derfor var det så viktig å ha eit ankerfeste som står fast – og held oss fast – i skiftande vêr. Da først kan vi kjenne oss frie og ikkje vere slavar av ulike impulsar og trendar. Folk treng grunnsanningane frå Skaparen sjølv.

«Kerygma-orientert»

I faget sjelesorg må ein ta opp mange og ulike tema. Ein sjelesørgjar skal vere «konfidentorientert». Det vil seie å vere «orientert mot» det samtalepartnaren kjempar med og dei kjenslene og relasjonane som dukkar opp i samtalen. Ein skal respektfullt gi hjelp til å «sortere» i problema og gå nye steg i livet.

Men sjelesorg skal også vere «kerygma-orientert». Sjelesørgjaren representerer ikkje berre eigne refleksjonar, eigne erfaringar eller eigen innsikt. Vi har eit «kerygma», ein bodskap, å orientere oss ut frå. Noko som ikkje «flyt», noko Gud sjølv har gitt oss utanfrå. På ulike måtar skal dette ha plass i samtalen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje påtrengande. Men likevel. Sjelesorga skal ikkje vere blyg eller brydd når det gjeld fundamentet. Vi har ein barnelærdom – for oss sjølve så vel som for born, vaksne og aldrande menneske omkring oss.

Nye tider

Tidene har endra seg. Om ein samanliknar 1960-åra og 2020-åra. kan det synast som Heraklit har rett! Men Bibelen protesterer. Det finst noko som ikkje endrar seg. Det seier han som er den same «i går og i dag, ja, til evig tid» (Heb 13,8). Hans ord står evig fast i himmelen (Salme 119,89).

Katekisma vil nettopp knyte både truslivet og sjelesorga fast til dette Ordet. Her er eit «kerygma» å stole på. Dei ti boda. Truvedkjenninga. Fadervår. Tekstar om dåp og nattverd og om relasjonar mellom menneske. Barnelærdomen inneheld enkle forklaringar til alle desse fundamentaltekstane. Og dei er baserte på Guds ord. Når brottsjøane kjem, finn vi ankerfeste her.

Kjære Heraklit

I gravferder i familien min har ein salme gått igjen: «Nå har jeg funnet det jeg grunner mitt salighetens anker på.» Skildringa vidare i salmen gjeld sjølve sentrum i trua vår: Det vi kan bli frelste ved. For han vi kjenner frå andre trusartikkel, Jesus, han døydde, oppsto og for opp til himmelen for å vere vår advokat, vår frelses hovding.

Så kjære Heraklit. Du kan lære meg mykje. Men du kan ikkje lære meg det som er viktigast, det som barnelærdomen held fram. Det er dette eg treng aller mest, for truslivet og sjelesorga.

Faste holdepunkt

«Lat ditt ord til din tenar stå fast så eg kan frykta deg.
 Ta bort spotten eg fryktar, for dine lover er gode! …

I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen» (Salme 119, 38–39 og 89).

«Men du er den same, åra dine tek aldri slutt» (Heb 1,12).

«Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid» (Heb 13,8).