VITNEMÅL: Elisas Blix ville tilhøyre den Jesus som han ein gong var døypt til, skriv Egil Sjaastad.

Professorens forsett og vitnemål

Elias Blix var professor i Det gamle testamente og i semittiske språk. I samtida var han nok rekna for ein framifrå mann, ein som raga høgt i den akademiske verda. Det var ikkje mange ungdomar frå distrikts-Noreg som fekk ein slik livsveg. Den førte han både til kateteret ved Universitetet og til kongens råd.

Med dette bakteppet er det gripande å syngje ein av dei mest kjende salmane hans:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Med Jesus vil eg fara

på livsens ferd i lag.

Gud, lat den samferd vara

alt til min døyand dag!

Det er mi høgste æra,

det er mi største ros:

Hans fylgjesvein å vera

og vandra i hans ljos.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han gjorde i unge år eit forsett: Eg vil følgje Jesus til eg går i grav. Posisjonen hans i kulturlivet kunne ikkje svekkje dette forsettet. Han visste ikkje om noka høgare ære. Han hadde inga større ros. Han ville tilhøyre den Jesus som han ein gong var døypt til.

«Du til di grein meg sette

alt i min fyrste vår,

med livsens dogg meg vætte,

gav sol og signa år.

Du vil og vokster gjeva

alt til min siste slutt,

lat meg i deg få leva,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

i deg få anda ut.»

I dag vil eg setja meg ved sida av Blix, gjere det same forsettet, dele det same vitnemålet og tilbe Gud med dei same orda.