Andakt
MISJON: Egil Sjaastad oppfordrar oss til å be for alle misjonærfellesskap.
Norsk Misjon i Øst
Knall og fall
Misjonæren eg skreiv om i går (Gützlaff), var gripen av ein god idé: At misjonen må satse på kinesiske evangelistar. Dei vil både nå lenger ut og lenger inn.
Så stifta han eit arbeidslag der han sjølv bestemte det meste. Etter kvart fekk han 200 kinesiske medarbeidarar. Dei skulle drive «outreach» i unådde område. Regelmessig kom dei tilbake med rapportar om store resultat. Gützlaff gjorde ei reise til Europa i denne tida – og vart svært populær. Folk kalla han «Kinas apostel».
Men evangelistane hadde fått sparsamt med opplæring. Under Gützlaffs Europa-reise avslørte den svenske vikaren hans at over halvparten av evangelistane hadde levd eit dobbeltliv – og lurt misjonærane. Rapportane deira var ofte rein svindel.