OMSETJING: Og parallelt med det lønna arbeidet gjekk Robert Morrison laus på tre misjonsprosjekt: Ei bibelomsetjing, ei ordbok på 40.000 ord og ei salmebok, skriv Egil Sjaastad. Foto: Adobe Stock

Banebrytaren

Som barn pugga han heile Salme 119, ord for ord! Likevel spora han av frå den gode vegen. Han festa, banna, tura og drakk. Men 15 år gamal begynte unge Robert Morrison å søke Gud. Kvar måndag samla han vener til bøn og samtale. På dagtid arbeidde han hos faren, på kveldstid besøkte han sjuke. Fritida elles gjekk med til kristne bøker og Bibelen. Han trassa hovudpina som tidvis plaga han.

Som 21-åring, i 1803, braut han opp og begynte på teologistudiet i London. Her kom den store teften hans for språk til sin rett. I ulike misjonsblad oppdaga han den store verda. Jesu ord «til alle folkeslag» (Luk 24,47) trengde seg inn. I 1804 tok han kontakt med ein misjon – og vart den første evangeliske misjonæren til Kina.

Eit slitsamt liv? Ja.

Han fekk lønna arbeid som omsetjar frå og til kinesisk – for eit britisk handelskompani. Utan slikt arbeid ville han ha blitt utvist. På kontoret sitt samla han etter kvart 10.000 kinesiske bøker. Dei hjelpte han å krysse språk- og kulturgrensa. Og parallelt med det lønna arbeidet gjekk han laus på tre misjonsprosjekt: Ei bibelomsetjing, ei ordbok på 40.000 ord og ei salmebok.

Saman med misjonær Milne vart han den store banebrytaren for seinare Kina-misjon.

Kan Kina-misjonshistorie fungere som kortandaktar? Vi prøver.