ELIAS BLIX: «Syng i stille morgonstunder», er ein salme av Elias Blix.

«Andens nådedrag»

Så lenge svigermor og svigerfar levde, besøkte vi dei nokre dagar kvar sommar. Ved frukostbordet var også Elias Blix saman med oss. For det var han som hadde forma eit av dei glade morgonversa vi song: «Syng i stille morgonstunder».

Ein dag nynna eg på denne songen etter frukosten. Svigermor sto i kjellartrappa, og eg spurte: Hugsar du det andre verset?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg ser henne for meg som var det i går. Ho står med vaskestaven i handa og syng. Andletet er stolt og glad. Dette var barnelærdom. Og det låg alvor i orda:

«Lær oss, Gud, kvar dag å telja,

sjå, kor snøgt vår livsdag lid!

Lær oss livsens veg å velja

medan det er enno tid!

Enn i dag du vil oss kalla,

snart kan mørker på oss falla.

Lat oss, medan det er dag,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

fylgja Andens nådedrag!»

No har ho lagt ned arbeidsstaven. Av Blix hadde ho lært kor viktig det er å «telja dagar», altså å vere budd på den siste dagen. Ho møtte fram der Guds ord vart forkynt, ho kjende vegen, og ho merka «Andens nådedrag». Dette «draget» ville ho følgja.

Signe vere hennar minne, og signe vere Blix som sette ord på kristentrua for tusenvis – i fleire generasjonar.