BIBELEN PÅ EIT ÅR: Pastor Thomas Aas Pedersen og politikar Geir Pollestad finn begge to mykje glede i å lese skrifta.
Helene Reite Uglem
Pastoren og politikaren les Bibelen: – Får assosiasjonar til reality
Senterparti-politikar Geir Pollestad skal lese Bibelen på eit år. Sist veke fekk han sparra litt med pastornabo Thomas Aas Pedersen.
– Bibelen fortener at andre stortingspolitikarar enn raude heidningar med islandsk opphav les den, skreiv Geir Pollestad (Sp) på Facebook i januar.
Då han såg at Mímir Kristjánsson hadde lese heile Bibelen og blitt eit «noko betre menneske av det», bestemte han seg for prøve det same.
Dagen la merke til at naboen hans, pastor Thomas Aas Pedersen i Bryne misjonskyrkje, kommenterte at dei gjerne kunne ta ein prat om skrifta undervegs.