UVANLEG: Ei uvanleg rettssak starta måndag i den amerikanske delstaten New Hampshire.
Nam Y. Huh
Mann tiltalt for drap på kvinne og ufødt barn
Kvinna var rundt ein månad frå termin då ho vart drepen. Saka er svært uvanleg i USA.
Mannen kjem frå New Hampshire, nordaust i landet. Det er første gongen det er teke ut tiltale etter delstaten sitt forbod mot drap på eit foster.
38-åringen er tiltalt for aktlaust drap på ei 33 år gammal kvinne. Ho skal ha vore mellom 35 til 37 veker ute i svangerskapet då ho døydde i desember. Dermed vart mannen også tiltalt for aktlaust drap på fosteret, ifølgje AP.
Tiltalen vart kjend 15. mars. Rettssaka starta måndag.