DIAKONI: NMS støttar frå før eit diakonalt senter i Kairo som mellom anna driv barnehage og -heim. Senteret er eit samarbeid mellom ein egyptisk humanitær organisasjon og lokale koptiske- og protestantiske kyrkjer.

Vrir arbeidet over til nye misjonsmarker

Fullførte misjonsoppdrag på tradisjonelle misjonsmarker fører til satsing på nye område for Det Norske Misjonsselskap. Framover skal misjonsselskapet vera særskilt tilstades i Midtausten.

Åslaug Ihle Thingnæs er midtausten-ansvarleg i Det Norske Misjonsselskap (NMS). Ho seier det er få misjonærar og kristne i Midtausten i forhold til kor mange menneske som bur der, og at ei satsing her er retninga NMS vil gå framover.

25 år

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– NMS har vore tilstades i Midtausten i snart 25 år, og me får utretta mykje sjølv om me ikkje har eigne misjonærar der. Gjennom blant anna den største partnaren vår i regionen, TV-kanalen SAT-7, får me mange oppmuntrande tilbakemeldingar frå menneske som har kome til tru gjennom arbeidet. No vil me auke engasjementet vårt i regionen.

Må prioritere

Men Midtausten-satsing har sin pris. I den nye strategiplanen til NMS som vart vedteken i sommar, og som gjeld for dei tre neste åra står det at misjonsselskapet vil «auke engasjementet sitt i Midtøsten, Europa og Nord Afrika. Dette vil måtte bety reduksjoner andre steder».

Les om misjonskonferansen Frontline for Ungdom som arrangeres til helgen

– Det er ingenting som tyder på at tilgangen på pengar og ressursar vil auke. Me må tenke ut frå dei tronge budsjetta me har, og blir nøydd til å prioritere, seier Thingnæs.

Oppdrag utført

Ho meiner oppdraget til ein viss grad er fullført mange stadar i Afrika sør for Sahara.

– Kyrkja på Madagaskar har til dømes fleire millionar medlemmar og sender ut gassiske misjonærar til andre land. At me no aukar engasjementet vårt i mellom anna Midtausten er absolutt ein konsekvens at ein nærmar seg å vera ferdig somme stadar, seier Thingnæs. Men trass i gode tilbakemeldingar frå prosjekta og samarbeidspartnarane i Midtausten, fortel Thingnæs om eit område der tilhøva ikkje ligg til rette for kristen misjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er strenge lovar for kva som er lov og ikkje når det kjem til misjonering i mange av dei muslimske landa. Dette med religionsskifte kan også vera veldig komplisert, og arbeidet er absolutt utfordrande.

Dårlege assosiasjonar

Eit anna problem kan vera menneske sine haldningar til kristen misjon. Gerd Marie Ådna er religionsvitar ved Misjonshøgskulen i Stavanger, og har islam som spesialfelt.

Ho seier orda misjon og misjonær er veldig betente i Midtausten, og at kristne i området aldri omtalar seg sjølve som misjonærar.

– Ordet misjon har ein ekstremt negativ valør og blir assosiert av mange med korstog, kolonialisme og endring under tvang. Islam er sjølv ein misjonerande religion, men det er historia til den kristne misjoneringa som vekker kjensler, seier Ådna.

Religionsvitaren seier at det heilt klart finst mange ulike forteljingar, og at nokon muslimar har positive erfaringar med kristne eller kristne institusjonar.

– Det er dessverre slik at nokon misjonærar øydelegg med måten dei arbeider på, i motsetnad til dei som har ein meir dialogbasert tilnærming. Slike misjonærar finst også i Midtausten, seier Ådna.

Når langt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Thingnæs meiner det er viktig å ta omsyn til lokale høve, og fortel at NMS har basert arbeidet sitt i regionen på samarbeid med lokale partnarar.

– Me er ikkje operative som NMS nokon stad, men driv prosjekt saman med alt frå den koptiske kyrkja til den kristne fjernsynskanalen SAT-7. I staden for å koma dit med NMS på brystet ynskjer me å støtte lokale partnarar, seier Thingnæs.

Ho fortel at dei delar evangeliet både gjennom undervisning og direkte diakonalt arbeid.

– Det er fantastisk kor langt me når med dei midlane me har. Det at nærare 300 millionar brukar arabisk gjer til dømes at ein kan nå enormt mange med fjernsynssendingar.

Religionsvita Ådna påpeikar at det å vera kristen ikkje nødvendigvis er til hinder i møte med muslimar. Ho meiner at det å ha ei gudstru kan vera med på å skape ein gjensidig respekt og større forståing.

– Ein kan møte meir respekt fordi ein trur på ein gud, enn det ateistar ville opplevd, seier Gerd Marie Ådna.

Les også
Frontline i front blant ungdommenFrontline
Les også
55 år og prest for første gangfakta Ingvar Fløysvik
Les også
Singel og stabil misjonær
Les også
Det Norske Misjonsselskap setter ny ettårings-rekord
Les også
Materialismen stopper unges misjonstjeneste
Les også
NMS fikk to millioner fra enkeltgiver