PARALLELL: Eg samanliknar ikkje jihadistar og kristne fundamentalistar. Eg dreg ein parallell mellom måten grupper av truande muslimar og truande kristne bruker dei heilage skriftene sine på, skriv Helge Simonnes (biletet).
Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix
Uvettig bibelbruk
Det overraskande er at Dagen ikkje makter å sjå kva som er sjølve saka. I staden fryktar avisa at det skal gå ut over «kristne med tradisjonelle standpunkt».
Åtvaringar kan lesast på mange vis. Dagen har valt å lese mine synspunkt på fundamentalistiske kristne som « næring til fordommar». Dette er tittelen på leiarartikkelen måndag 26. oktober.
Leiarartikkelen baserer seg på eit referat på Fritanke.no.
Den første versjonen som vart lagt ut, hadde ein tittel som ikkje var dekkande. Nettstaden brukte tittelen «konservative kristne». Eg snakka om «fundamentalistiske kristne». Fritanke.no retta dette straks eg melde at tittelen ikkje var dekkande for innhaldet i referatet.