Åpen folkekirke står fast i sitt forsett på å presse en liturgi og et budskap inn i Dnk som er fremmed for Bibelen. Det må nå den ene halvdelen av biskpekollegiet ta inn over seg og trekke noen konsekvenser av, skrev Petter Olsen 6. november - og minner igjen om denne teksten. På bildet Den norske kirkes biskoper. Helga Haugland Byfuglien, Bispemøtets preses, Ole Chr. M. Kvarme, Oslo, Atle Sommerfeldt, Borg (Fredrikstad), Solveig Fiske, Hamar, Per Arne Dahl, Tunsberg (Tønsberg), Stein Reinertsen, Agder og Telemark (Kristiansand), Erling J. Pettersen, Stavanger, Halvor Nordhaug, Bjørgvin (Bergen), Ingeborg Midttømme, Møre (Molde), Tor Singsaas, Nidaros (Trondheim), Tor Berger Jørgensen, Sør-Hålogaland (Bodø), Olav Øygard, Nord-Hålogaland (Tromsø).

Tause om Dnk og bedehuset?

Når Rune Espelid skriv at "bedehusleiarane utan atterhald manar til å verta ståande i Den norske kyrkja", er han ikkje heilt oppdatert.

Det er i Synspunkt i Dagen 24. november at denne påstanden kjem fram.

I ingressen står det vidare at dei uidentifiserte bedehusleiarane Rune Espelid refererer til, “kommuniserer at det vi driv på bedehuset, no og i framtida, er å sjå på som eit supplement til denne kyrkja - langt frå å vera eit alternativ”.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bladet Sambåndet har kome ut sidan 1899 med bedehusorganisasjonen Indremisjonsforbundet (ImF) som utgjevar.

Både i papirutgåva og på nyhendenettstaden sambåndet.no har me fleire gonger kommentert spørsmåla som Espelid er oppteken av i Synspunkt-artikkelen.

Klarast var kanskje nettleiaren som vart publisert på morgonen 6. november og som også ble publisert her på DagensDebatt.no.

Eg tillet meg å minna om teksten, sidan Rune Espelid ikkje synest å vera merksam på den.

Les den her: Slår beina under biskopene

Til siste nummer av Sambåndet seier generalsekretær Erik Furnes i ImF at det no blir viktig å leggja til rette for opne og gode samtalar i styremøte og ulike leiarmøte.

Furnes meiner òg det er viktig å snakka saman med andre organisasjonar og kyrkjesamfunn og andre grupperingar. Han vil ikkje kome med føringar tideleg i prosessen som kan opplevast bindande.

– Vi får arbeide oss fram til eit samla råd som har best mogleg tilslutning i organisasjonen, strekar Furnes under.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kan ikkje sjå at dette er å «utan atterhald mana til å verta ståande i Dnk».»

Les også
Kyrkjemedlemskap og bedehusframtid
Les også
Slår beina under biskopene
Les også
Har vi glemt Jesus i denne saken?
Les også
Liberal eller radikal omsorg for homofile?