BEDEHUSET: I denne situasjonen skjer det lett at verksemda på bedehuset minkar i same takt som Dnk-arbeidet vert bygt opp. Det er då det trengst leiarrøyster som tydeleggjer for oss verdien av eiga verksemd og som manar til oppslutnad om eige arbeid, skriv Rune Espelid.

Kyrkjemedlemskap og bedehusframtid

Når bedehusleiarane utan atterhald manar til å verta ståade i Dnk kommuniserer ein også at det vi driv på bedehuset, no og i framtida, er å sjå på som eit supplement til denne kyrkja – langt frå å vera eit alternativ.

Siste utviklinga i Den norske kyrkja (Dnk) har igjen aktualisert spørsmålet om utmelding frå folkekyrkja for mange.

Ei rekkje kristenleiarar frå bedehusland har teke opp spørsmålet offentleg, og dei konkluderer med å verta ståande som medlemmer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der er i hovudsak tre grunngjevingar: den lokale kyrkja (Dnk) fungerer godt der ein bur, gjennom Dnk når ein breidt ut til folket, og for det tredje vil ein verta ståande for å kjempa imot utviklinga.

Det eg saknar i denne kritiske situasjonen for landet vårt er fokus på vårt eige arbeid, våre mål og eigen strategi. Medlemskap i Dnk burde drøftast i lys av dette, med formaningar om å byggja opp eige arbeid. Vi forvaltar ein arv, har fått kall til å vidareføra ei kristendomsforståing. Dette er noko som ikkje kjem av seg sjølv, det krevst heilhjarta oppslutnad og arbeidsinnsats lokalt på kvar stad for å leggja til rette for vekst.

Eit hovudproblem for bedehusland er kvar kristenfolket legg ned ressursane sine. Dnk har i løpet av dei siste ti-åra bygd opp dei lokale kyrkjelydane med eit omfattande arbeid utanom gudstenestene, der målet er å nå alle aldersgrupper. Dnk driv i dag dei fleste stader eit «lekmannsarbeid» som langt overgår det som skjer på bedehuset.

I denne situasjonen skjer det lett at verksemda på bedehuset minkar i same takt som Dnk-arbeidet vert bygt opp. Det er då det trengst leiarrøyster som tydeleggjer for oss verdien av eiga verksemd og som manar til oppslutnad om eige arbeid.

Det grunnleggjande spørsmålet i denne samanhengen er kva rolle ein ser for seg at bedehusverksemda skal ha i framtida i høve til Dnk. «I, men ikkje under kyrkja» var slagordet før i tida. Nå står vi i fare for å verta redusert til ei ressursgruppe som kan få koma inn i Dnk – der dei har bruk for oss – og bidra i arbeidet på deira premissar. Det vert på sikt katastrofalt for rekrutteringa til eige arbeid, tendensen er vel allereide overtydeleg.

For mange opplevest spørsmålet om medlemskap i Dnk som mykje meir enn ei juridisk sak som ikkje vedkjem deira kvardag. Det rører ved kor ein skal høyra heime åndeleg sett – kva ein skal rekna som si viktigaste forsamling. Så når bedehusleiarane utan atterhald manar til å verta ståade i Dnk kommuniserer ein også at det vi driv på bedehuset, no og i framtida, er å sjå på som eit supplement til dennne kyrkja – langt frå å vera eit alternativ.

Saka dreier seg ikkje om å kjempa imot andre sitt arbeid, men å få fokus på det vi sjølv har ansvar og tru for, og fremja vekst hos oss sjølve på eit uavhengig grunnlag. Det må skje gjennom bibelsk forsamlingsbygging, eg ser ingen andre realistiske alternativ for framtidig liv i bedehusa. Medlemsspørsmålet vert i eit slikt perspektiv ei markering, for ein sjølv og andre, kvar ein høyrer til og kva ein står saman om.

Les også
– Prester kan ikke tvinges til homo-svar
Les også
Hvor går Normisjon?
Les også
– En god og nødvendig klargjøring
Les også
Normisjon: Strid om vranglærer-nattverd
Les også
Lavkirkelige i villrede