FÆRRE BØSSEBERARAR: 40.000 bøsseberarar, med konfirmantar i spissen, skulle stått klare til å gå ut i lokalsamfunna sine for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp og Fasteaksjonen, men på grunn av pandemien er Fasteaksjonen i hovudsak digital i år òg.

Saman kan vi forandre

I eit halvt århundre har norske kyrkjelydar rekt ut ei hand til menneske i naud gjennom Fasteaksjonen. Akkurat no gjer kyrkjelydar og konfirmantar over heile Noreg seg klare til å gjere ein forskjell. Til å Forandre for andre under Fasteaksjonen 21. 23. mars.

40.000 bøsseberarar, med konfirmantar i spissen, skulle stått klare til å gå ut i lokalsamfunna sine for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp og Fasteaksjonen, men på grunn av pandemien er Fasteaksjonen i hovudsak digital i år òg. Fjorårets overgang til ein digital fasteaksjon lærte oss at det finst nye måtar å vise omsorg på, når dei vanlege ikkje kan nyttast.

Dette året har både vi og menneske over heile verda fått kjenne på sakn, redsle og bekymring. Framtida verkar så usikker, mange er einsame, har mista jobbane sine og saknar fotfeste i det «vanlege» livet. Men vi er alle i same båt. Det er kanskje ei fattig trøyst, men det knyter oss tettare saman. Det er ikkje lenger «dei andre». No er det vi, eit stort globalt vi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Behova er større enn nokon gong. Årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp har fokus på reint vatn. Aldri før har vel dette vore så viktig som i 2020. Då heile verda hamna i krise var 60 års erfaring, kunnskap og arbeid med vatn utruleg viktig. På rekordtid kunne Kirkens Nødhjelp, saman med lokale partnarar, bygge handvaskstasjonar, køyre ut vassbilar og drive opplæring i hygiene for å førebygge covid-19.

Diverre står vi overfor mange utfordringar i 2021 òg. Pandemien har sett fattige land mange år tilbake og i tillegg står dei i fleire kriser samtidig. Viruset bryr seg ikkje om at Nilen fløymer over og tek med seg hus, eigedelar og åkrar fulle av grønsaker. Viruset bryr seg ikkje om tørke, om du er på flukt frå uro i Tigray eller har flykta frå konfliktar i Kongo. Det bryr seg ikkje om at du manglar vatn, mat eller ein stad å bu.

Nauda kjenner ingen grenser. Det gjer heller ikkje ansvaret for våre medmenneske, uansett kvar dei bur, kva dei trur på og kva hudfarge dei har. Ansvaret er forankra i nestekjærleiken og vissa om at alle menneske i heile Gud si verd har same verdi dei er alle våre medmenneske.

Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp er ungdomane si innsamling, med konfirmantane i spissen. Ungdomane våre har opplevd mange avgrensingar: mykje av det som høyrer til eit vanleg ungdomsliv har vore utelukka i år. Det er ekstra beundringsverdig at våre konfirmantar hjelper andre unge, og gjennom det viser nestekjærleik og solidaritet når dei også har det tøft sjølve. Gjennom deltaking i fasteaksjonen er dei med på å spreie håp og lys. Dei er med å forandre for andre.

Støtt arbeidet for dei svakaste ved å støtta ungdomen sin innsats i fasteaksjonen! Du finn meir informasjon om dette på nettsidene til din lokale kyrkjelyd eller Kirkens nødhjelp.

Les også
Vi styrker kampen mot kjønnslemlestelse
Les også
Den globale vannkrisen
Les også
Kraftig kollekt-kollaps, men én ting gjør bistandslederen optimistisk