ABSURD: Andrew Brunson (biletet) må setjast fri. Tiltalen viser at skuldingane er grunnlause og at saka mot han er «den mest absurde i Tyrkias historie», for å låna Aykan Erdemirs ord, skriv Johannes Morken.
Emre Tazegul, AP Photo / NTB scanpix
Rettssaka mot pastor Brunson er ein farse
Ein video av ein arabisk matrett og ei tekstmelding frå eit kyrkjemedlem som ikkje kunne koma på bønemøte på grunn av diaré. Begge delar er «bevis» i terror- og spiontiltalen mot pastor Andrew Brunson i Tyrkia.
Andrew Brunson leia i 23 år ein protestantisk kyrkjelyd i Izmir i Tyrkia. Ikkje ei einaste klage kom på det den amerikanske pastoren og kona hans dreiv med. Så kom det mislukka kuppforsøket mot president Erdogan sommaren 2016.
Kuppforsøket førte til sterke utreinskingar frå hæren og resten av statsapparatet. Det gjekk også hardt ut over rettsapparatet. Mange journalistar og menneskerettsforkjemparar blei dessutan arresterte. I oktober 2016 blei den amerikanske pastoren Andrew Brunson bura inne, skulda for medverknad til kuppet.
Først 16. april i år kunne Andrew Brunson møta i retten etter å ha sete fengsla utan lov og dom sidan midten av oktober 2016. Etter den tid har saka vore i to nye høyringar. Etter den siste, 18. juli, tok retten 25. juli ein liten sving: Retten overførte Andrew Brunson frå fengsel til husarrest. Der skal han venta på neste runde i saka 12. oktober.