SULTESTREIKER: Advokaten Nguyen Bac Truyen (th) har i lang tid kjempet for rettighetene til religiøse minoriteter i Vietnam. I 2018 ble han dømt til 11 år i fengsel. Nå har han innledet en sultestreik i protest mot forholdene i fengselet.

Noreg må krevja vietnamesisk samvitsfange sett fri straks

Norske styresmakter må ta opp saka til menneskerettsjuristen Nguyen Bac Truyen som er dømt til 11 års fengsel i Vietnam. Han må bli sett fri straks.

Nguyen Bac Truyen starta 26. november, saman med nokre andre samvitsfangar, ein samordna sveltestreik i protest mot uverdig fangebehandling i An Diem-fengselet.

Han informerte kona si, Bui Thi Kim Phuong, i ein kort telefonsamtale frå fengselet i starten av denne veka. Ho er svært uroleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kona til Nguyen Bac Truyen har stått saman med mannen sin i 10 krevjande år. Saman opplevde dei fleire fysiske overfall, utført av regimets menn, i dei åra Nguyen Bac Truyen var fri etter det første fengselsopphaldet på tre og eit halvt år frå 2007 til 2010.

Juristen gjekk rett frå fengselet til ny kamp for rettane til trakasserte medmenneske. Det tolte ikkje regimet. Han blei arrestert på nytt og bortført i 2017 – og dømt i 2018.

Nguyen Bac Truyen som er hoa hao-buddhist, har kjempa for rettane til andre, også mange med ei anna tru enn seg sjølv. Han har tidlegare sveltestreika i protest mot overgrep mot ein katolsk medfange i An Diem. Ngu Truyen Bac har svekka helse etter overgrep under det første fengselsopphaldet sitt.

Nguyen Bac Truyen har stått opp for rettane til grovt diskriminerte krigsveteranar, offer for landtjuveri og religiøse minoritetar. Difor vart han tidlegare i haust tildelt Stefanusprisen 2020, ein pris som går til ein eller fleire som har gjort ein ekstra stor innsats for trusfridomen. Han har sett eige liv og eiga helse i spel i kampen for menneskerettane.

Når Nguyen Bac Truyen no har gått til ny sveltestreik, saman med andre fangar, kjenner vi eit stort ansvar for å seia frå. Nguyen Bac Truyen ber sjølv om forbøn og støtte der han kjempar for menneskerettane i fengselet.

Dei som sveltestreikar, veit at sveltestreik er skadeleg for helsa. Men Nguyen Bac Truyen seier frå fengselet at dette er siste utveg. Det einaste midlet dei har i kampen for betre fangebehandling, er nettopp livet og helsa si.

Stefanusprisen 2020 til Nguyen Bac Truyen er tildelt av ein uavhengig komité oppnemnt av styret i Stefanusalliansen. Prisen skal formelt overrekkjast i ein digital seremoni i midten av desember. Ein representant for Nguyen Bac Truyen vil ta imot på vegne av han.

Sjølv seier Nguyen Bac Truyen frå fengselet at han er glad for prisen som han ser som ei verdsetjing av innsatsen sin og som ei støtte til seg som ein som er uskuldig dømt. Han seier regimet er eit diktatur når det pressar viljen sin på eit folk på 100 millionar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nguyen Bac Truyen skriv til oss at han dedikerer prisen til kona si, Bui Thi Kim Phuong. Sjølv må ho reisa 1000 kilometer i buss kvar veg ein gong i månaden for å vitja mannen i fengselet.

Nguyen Bac Truyen og fleire andre forkjemparar for demokrati, blei i april 2018 dømde for å vilja velta regimet. Han fekk 11 års fengsel og sit i ei tryggingssone. Han er altså ein ekstra farleg fange, skal vi tru regimet.

Det er ein absurd dom. Nguyen Bac Truyen er ein sann patriot, ein som kjempar for rettane til sine medmenneske, han er ein som elskar landet sitt. Nguyen Bac Truyen er ikkje ein fiende av folket.

Norske styresmakter, ta saka hans opp med Vietnam! Nguyen Bac Truyen må bli sett fri straks.