NORSK NAMN: Då Douglas fekk norsk statsborgarskap tok han etternamnet Hansen. – No er eg heilt norsk, og kan legge alt som skjedde i Burundi bak meg. Eg vil aldri reise tilbake dit.

– Nesten galen av å vente

Ein stor del av livet til Douglas Hansen har vore ei prøve i tolmod.

– Nokon gonger trur eg nesten eg er i ferd med å bli gal. Eg kan gå rundt som ein robot, seier Douglas Hansen.

Denne vekas bibeltekst handlar om å vera tolmodig og vente. Få har nok kjent dette på kroppen like mykje som mannen som sit overfor meg. Han er i femtiåra og ser sliten ut. Til no har han med stort engasjement losa meg gjennom eit utal fargekoordinerte plastmapper med sakspapir, årsmeldingar, pass og avslag. Veiva med hendane og uttrykt irritasjon over det norske byråkratiet. No ser han mest oppgitt ut. Han kikkar tankefullt ut på stormen som rasar utanfor. Slår blikket ned.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vanskelege kår

– Eg tenkjer alt for mykje, er konklusjonen Douglas kjem fram til på eigahand.

Det er kanskje ikkje så rart. Heilt sidan Douglas flykta frå borgarkrigen som etterfulgte folkemordet i Burundi, har han prøvd å få kona Zainaso til Noreg. Mange har høyrt om det blodige folkemordet i Rwanda som var eit resultat av etniske spenningar mellom folkegruppene hutu og tutsi. Færre har fått med seg at det same grusomme scenarioet også utspant seg i nabolandet Burundi. Forskjellen er at medan Rwanda tok eit oppgjer med fortida og har opplevd stabilitet og økonomisk framgang, er situasjonen i Burundi framleis spent. Det rår stor frykt for at valet i 2015 vil utløyse ein ny borgarkrig. Det vesle landet med ti millionar innbyggarar blir rekna som det nest fattigaste landet i verda, og har den tvilsome æra av å vera på 10-på-botn lista på FN si store levekårsundersøking.

Frykta for livet

– Eg treng kona mi her. Ho må vera her med meg, seier Douglas ut i lufta.

Det er ikkje fyrste gong han har vore i ein fortvila situasjon. Under borgarkrigen reiste grupper med hutuekstremistar rundt for å drepe tutsiar, og moderate hutuar. Då ein av desse gruppene oppsøkte Douglas i 2003 for å få han til å oppgje kvar vener og kjenningar oppheldt seg, nekta han, fortel Douglas. Han er overtydd om at han hadde blitt drepen på staden hadde det ikkje vore for at han hadde gått i klasse med leiaren for gruppa. Han torte ikkje å sjå Douglas i augene, og enda opp med å heller ta han med til fengselet, slik at nokon andre kunne «ta seg av han» seinare. Douglas visste ikkje kva som ville skje, men frykta for livet. Heime lurte kona hans gjennom åtte år på kvar han hadde blitt av. Etter å ha forhøyrt seg rundt, fann ho ut at han hadde blitt fengsla. Ho klarte å skrape saman nok pengar til å bestikke den korrupte fangevaktaren, og Douglas slapp fri.

– Eg gjekk i ein protestantisk kyrkjelyd i Burundi, og hadde blitt kjent med ein skandinavisk misjonær der. Eg visste at ekstremistane var ute etter meg og at tida var knapp. Misjonæren klarte å hjelpe meg med å flykte til Noreg. Takk Gud for det.

Avskilt frå familien

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men i Noreg byrja ein ny kamp. Kampen for å få familien til Noreg. Ekteparet har også born saman, men no har dei blitt vaksne og lever sine eigne liv. Det er difor fyrst og fremst kona som prøvar å få opphald i Noreg.

Elleve år og tre avslag har gått. Douglas er inne i fjerde forsøk.

– Det er som å bli torturert. Eg er ein tolmodig mann, men ingen skal trenge å vera avskilt frå familien sin så lenge.

Det fyrste året i Noreg visste ikkje Douglas kvar kona og borna var, og korleis det gjekk med dei. Etter utallige brev og hjelp frå både Røde Kors og flyktningemottaket, fekk han endeleg svar. Familien hadde flykta til Tanzania, slik 700 000 andre burundiarar gjorde under krigen. Då Tanzania bestemte seg for å sende burundiarane tilbake til heimlandet, klarte familien til Douglas å flykte vidare. I dag bur dei i Sør-Afrika. Zainazo har ikkje klart å få seg jobb, og Douglas sender pengar kvar månad for å betale skulepengar, husleige og mat.

Sju lange år

Det gjekk sju år før ektefellane fekk sjå kvarandre att. Då hadde endeleg Douglas fått norsk statsborgarskap, og dermed pass. Det fyrste han gjorde var å fly til Sør-Afrika.

– Eg var så utruleg lukkeleg.

Etter dette har han vore på besøk ein gong til. Søknaden om turistvisum til kona, slik at ho kan få sjå det nye heimlandet til ektemannen, blei avslått med grunngjeving om at dei var redde ho ikkje ville reise tilbake.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg arbeider hardt, tener nok pengar, betalar skatt og bidreg til samfunnet. Då er det frustrerande å oppleve dette, sukkar Douglas.

Avslaga har hatt ulike grunnar. Den fyrste gongen godkjente dei ikkje vigselsattesten frå Burundi. Ekteparet gifta seg på nytt i Sør-Afrika for å få ein som var godkjent. Andre gongen mangla utlendingsnemda eit dokument, som Douglas er sikker på han har sendt. Ny runde. Heile prosessen nullstillast. Ny avgift må betalast, alle papir må inn på nytt.

Tredje gongen var grunnen at han berre hadde 20 timar fast stilling, ikkje 37,5. At han i tillegg kvar veke tok ekstra- og nattevakter, og tente godt over minimumsgrensa betydde ikkje noko.

På spørsmål om han nokon gong blir sinna på Gud, svarar han avkreftande. Til det er han alt for glad i Gud.

– Nokon gonger tenkjer eg at eg ikkje hadde overlevd denne perioden utan Gud. Eg trur hundre prosent på han, og eg ber han om hjelp kvar morgon og kveld. Og eg takkar han for at eg er i live.

No har Douglas fått seg ei full, fast stilling, og håpar på det beste.

Les også
Inviterer 12 venner til adventslys-tenningAdventskrans
Les også
Færre søker asyl i Norge
Les også
Alltid bekymret for familien i SyriaFlyktninger
Les også
Fra Norge til Iraks parlamentJoseph Sabi
Les også
Fremmedkrigerforbud kan ramme våre allierte